Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prosjektoppgåve – døme

Her er eit døme på korleis ei prosjektoppgåve om arbeid med datasett i 2P og 2P-Y kan sjå ut.

Eit av kompetansemåla i matematikk 2P og matematikk 2P-Y er at eleven skal kunne "analysere og presentere funn i datasett frå lokalsamfunn og media". I tillegg skal eleven "bruke og vurdere val av formålstenlege sentralmål og spreiingsmål for statistisk datamateriale" og "forklare og bruke prosent, prosentpoeng og vekstfaktor til modellering av praktiske situasjonar med digitale verktøy".

Oppgåve

Ta utgangspunkt i SSBs side om kommunefakta. Vel heimkommunen din. Sida viser den siste gjeldande statistikken på fleire ulike område, til dømes befolkning og kva innbyggarane jobbar med.

Vel deg eitt av temaa som blir presenterte på sida. Oppgåva er å seie noko om korleis eitt av eller nokre av tala har endra seg dei siste åra. Det kan til dømes vere korleis befolkninga i aldersgruppa 10–20 år i kommunen din har variert dei 10 siste åra.

Finne data

For å finne data bakover i tid må du klikke på kjeldelenka for temaet du har valt. Skroll deretter ned til "Se alle tall fra denne statistikken", og vel den lenka som gir deg dataa du treng. Lenka fører deg til Statistikkbanken, der du kan velje data og laste ned som rekneark eller CSV-fil. Du kan sjå eit døme på bruk av Statistikkbanken på sida Behandling av store datamengder i Python.

Behandle data

Bruk Python, rekneark eller GeoGebra til å behandle dataa. Avhengig av kva du ønsker å finne ut, kan det vere aktuelt å finne sentralmål og spreiingsmål og/eller å sjå på prosentvis vekst.

Kva skal du levere?

Sluttproduktet i dette arbeidet skal vere todelt.

Hovuddelen skal vere ein munnleg presentasjon. Det er valfritt om du vil gjennomføre han i klasserommet eller spele han inn som ein film. Presentasjonen skal vere inntil 10 minutt lang og skal innehalde

  • ei innleiing der du presenterer problemstillinga og kva du ønsker å finne ut

  • ein hovuddel der du presenterer og analyserer funn

  • ei avslutning der du samanfattar og lagar ein konklusjon knytt til problemstillinga

  • kjelder

I tillegg skal du levere eit refleksjonsnotat. Det skal innehalde

  • ein logg over arbeidet

  • ei oversikt over korleis kjeldene er brukt

  • refleksjonar om prosessen og kva du har lært

  • refleksjonar om kva du eventuelt kunne ha gjort betre

Vurderingskriterium

Kjenneteikn på måloppnåing
Låg måloppnåing (2)Middels måloppnåing (3–4)Høg måloppnåing (5–6)
ProblemstillingProblemstillinga er uklar eller veldig vid.Problemstillinga er delvis klar, men kan spissast meir.Problemstillinga er klar og formulert slik at det er mogleg å svare på ho.
Handtering av dataData er lasta inn i Python eller eit anna formålstenleg verktøy, men det er ein del feil og manglar.Data er lasta inn i Python eller eit anna formålstenleg verktøy på ein grei måte. Data er lasta inn i Python eller eit anna formålstenleg verktøy på ein god måte, og dei ulike tala er behandla på ein effektiv måte.
Analysering av dataDet er gjort nokre utrekningar til støtte for ein konklusjon, men desse er mangelfulle.Det går fram korleis du gir eit svar på problemstillinga ut frå talmaterialet.Du har brukt nyttige representasjonar av talmaterialet som dannar grunnlag for ein konklusjon på problemstillinga.
KommunikasjonDet er vanskeleg å følge resonnementa som dannar grunnlaget for konklusjonen.Dei ulike tala og grafiske representasjonane er ok, men litt mangelfulle.Det er god samanheng mellom dei ulike elementa i presentasjonen (tabellar, grafar, resonnement), og det er lett å følge resonnementa.
KjeldebrukDu har oppgitt nokre kjelder. Du har oppgitt kjeldene dine, og det er mogleg å sjå korleis du har brukt dei. Du har oppgitt kjeldene dine og brukt dei på ein god og formålstenleg måte, og samanhengen mellom kjeldene og presentasjonen er tydeleg.
CC BY-SASkrive av Tor Espen Kristensen, Tove Annette Holter og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2023

Læringsressursar

Arbeid med datasett