Arbeidsoppdrag
Typografi på visittkort
Arbeid med skrifttypar og storleiker for å lage eit visittkort med tydeleg informasjon.
- Breidd: 90 mm, høgd: 50 mm
- Tekst: namnet ditt, tittel, adresse, e-post og tlf.nr.
Skriftval:
- Namn: Bruk skrifttypar frå antikva eller grotesk.
- Tittel: Bruk same skriftfamilie som i namn, men varier skrifttype (snitt/font).
- Adresse, e-post og tlf.nr: Bruk antikva eller grotesk (den du ikkje brukte i namn og tittel).
- Vel skriftfamilie og skrifttypar (snitt/font). Lag forskjellige utkast og bestem deg for kva tekst du vil ha i antikva, og kva i grotesk.
- Skriftstorleik: maks 13 punkt, minimum 8 punkt. Prøv deg fram!
- Linjeavstand: ca. to punkt større enn skriftstorleiken, for eksempel 10 punkt skriftstorleik og 12 punkt linjeavstand. Test ut og gjer eit val!
- Plassering av tekst: Prøv deg fram med plassering og skrifttypar (snitt/fontar).
Eigenvurdering
Når du er ferdig med oppdraget, er tida kommen for å vurdere produktet.
- Passar skrifttypane du har valt, saman?
- Er det føremålstenleg skilnad mellom skrifttypane?
- Er det passe variasjon i skriftstorleikar slik at informasjonen kjem fram?
- Er det støy i skriftbiletet?