Oppgåve
Gå på jakt etter komplementærkontrastar
Legg merke til fargane rundt deg. Finn du motiv som har komplementære fargepar? Ta bilete der du eksperimenterer med ulike utsnitt. Prøv å komme nær motivet.
Komplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Gul er komplementærfargen til lilla, grøn er komplementærfargen til raud og så vidare. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.
Legg merke til korleis ein bestemd farge eller form kan få merksemd ved hjelp av komplementærkontrasten.
Eksperimenter med ulike komplementærfargar:
- Arranger motiv og bruk komplementærkontrast
til å skape blikkfang i biletet. - Fotografer motiv som har naturleg bruk av komplementærkontrasten.
- Gå nær motivet og lag utsnitt.
- Del bileta de er mest nøgde med, med kvarandre.
- Diskuter effekten av fargekontrastane.
Relatert innhald
Fagstoff
KomplementærkontrastKomplementærfargane står rett overfor kvarandre i fargesirkelen. Dei framhevar og forsterkar kvarandre.