Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skisser ein nettstad som fremjar FNs berekraftsmål

Her skal de lage ein prototype til ein nettstad som fremjar berekraft. I prosessen blir de betre kjende med ein dagsaktuell stil innan grafisk design.
Ei oversikt med 17 ikon og stikkord for kvart av hovudmåla i FNs berekraftsmål. Illustrasjon.

Beskriving av oppdraget

1: Vel berekraftsmål

De har fått i oppdrag å utvikle ein nettstad som set søkjelys på eitt av FNs berekraftsmål. Kva for eit av måla de vil jobbe med, vel de sjølve.

Les meir på FNs nettside om berekraftsmåla.

2: Kva vil du? Bruk retoriske verkemiddel

Nettstaden de skal utforme, skal innehalde informasjon om berekraftsmålet. Det skal også påverke brukarane til å gjere noko for å nå berekraftsmålet.

Korleis de går fram for å påverke brukarane, er heilt opp til dykk, men de må velje ei hovudappellform for bodskapen: , eller . Valet av retoriske verkemiddel bør påverke både innhaldet og stilen på nettstaden.

Artikkel: Retorikk i media og i medieuttrykk
Artikkel: Etos, logos og patos

3: Målgruppa er trendy unge vaksne

de ønskjer å treffe, er unge vaksne som er opptekne av mote og trendar. Dei følgjer med på kva som skjer i designbransjen, og lèt seg begeistre av tidsriktige og trendy kampanjar.

4: Gjer grundig research

De er oppfordra til å gjere og studere dagsaktuelle trendar innan . Finn éin eller fleire stilar som kan passe målgruppa, appellforma og dykkar. Diskuter dykk fram til kva stil som vil passe best.

Hugseliste

  • Bestem kva berekraftsmål de vil jobbe med.

  • Vel kva appellform de hovudsakleg vil bruke.

  • Bestem innhaldet på nettstaden. Kva skal de seie, og kor mykje stoff treng de for å seie det?

  • Set opp strukturen til nettstaden. Kva menyval og undersider treng de? Kva innhald skal de plassere kvar? Lag eit strukturkart for alle sidene på nettstaden.

  • Skriv tekstane de treng.

  • Studer dagsaktuelle stilar og bestem dykk for ein stil. Lag ein liten designmanual som beskriv stilen de vel, og reglar for bruk av fargar og .

  • Teikn blueprints, altså grove oversiktsskisser, som viser bruken av stilen de har definert i designmanualen. Gjer dette for alle sidene på nettstaden. Hugs å følgje .

  • Skaff eller produser bilete og illustrasjonar.

  • Set opp nettstaden i ein app for prototyping, til dømes Adobe XD.

  • Test løysinga, gjer forbetringar og lever resultatet.

Relatert innhald

Hva inneholder en designmanual, hva brukes de til og hvorfor er de nyttige?

Ein app-prototype er ei forenkla utgåve av appdesignet som gjer det mogleg å teste ut design og brukargrensesnitt i ein tidleg fase.

CC BY-NDSkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Trendar i uttrykksformer