Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer YouTube-bannera til tre valfrie artistar eller band

YouTube-banner er toppbileta som ligg øvst i YouTube-kanalar. Banneret representerer eigaren av kanalen visuelt. Utforminga skal gi ei kjensle av kven avsendarane er, og kva dei representerer.
Ei samling av fargerike, digitale teikningar av ting som har med sommar og strandliv å gjere. Kvar teikning har ei tjukk, kvit kantlinje som gjer at ho ser ut som eit klistremerke. Illustrasjon.

Både stilhistoriske og trendar oppstår gjennom at fleire kunstnarar eller designarar produserer uttrykk med bestemde fellestrekk. Når mange brukar eller lar seg inspirere av ein stil, blir han ein trend. Trendar og stilepokar er med andre ord ikkje planlagde, men blir til ved at ei uttrykksform blir populær og etter kvart får eit namn. Nokre trendar kjem og går i løpet av få månader, mens andre trendar varer i fleire år.

Vel tre YouTube-banner

I denne oppgåva skal du studere YouTube-bannera til tre valfrie artistar eller band innan tre ulike musikksjangrar – til dømes pop, indie, rock, metal, rap eller country. Ta utgangspunkt i YouTube-bannera og gjer deg opp ei meining om den visuelle profilen til artistane. Du skal sjå om du finn koplingar til stilhistoriske epokar eller dagsaktuelle trendar.

Nokre banner er enkle og har berre tekst eller eit bilete av artisten, mens andre kombinerer fleire designelement. Uansett gir dei nyttig informasjon om korleis artisten ønsker å framstå.

  1. Ta for deg kvart enkelt av dei tre bannera og noter stikkord om kva banneret fortel om artistane og musikken dei lagar.
    Bruk gjerne adjektiv.

  2. Bruk fagomgrep til å beskrive stilen i kvart banner.
    Sei noko om

    – typografiske val
    – biletval
    – fargebruk
    – bruk av symbol og ikon
    – komposisjon og orden

  3. Kjenner du igjen nokon stilhistoriske epokar eller trendar i bannera? Skriv ned kva stilar du kjenner igjen.

    Søk gjerne på nettet for å sjå om du finn fleire stilar som kan passe inn. Kva stemmer med stilane du har funne, og kva er annleis?

  4. Sjekk om artisten har ein nettstad. Kva har YouTube-banneret til felles med det visuelle uttrykket på nettstaden? Er det nokon forskjellar i stil mellom YouTube-banneret og stilen på nettstaden?

  5. Kva for eit av YouTube-bannera til dei tre artistane meiner du representerer artisten best, og kvifor?

Døme på korleis du kan løyse oppgåva med utgangspunkt i eit banner
Ordet "Marsee" i kvitt på lilla bakgrunn og nærbilete av ein munn som roper eller ler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Beskrivande ord: kontrastfylt, humoristisk, leikent og retro.

  2. Typografiske val: dekorskrift, psykedelisk stil.
    Biletval: i utgangspunktet eit foto av munnen til ein bandmedlem, men kontrastfylt og illustrasjonsaktig, svart-kvitt, men med fargar på enkelte område. Biletet er omarbeidd/manipulert for å simulere pop-art-stilen.
    Fargebruk: i hovudsak svart og kvitt, ikkje gråtonar. I tillegg er det brukt pastellfargar – lilla og rosa.
    Bruk av symbol og ikon: Nei, ikkje anna enn at stilen kan gi assosiasjonar til kva slags musikk bandet speler, og korleis dei ønsker å framstå.
    Komposisjon og orden: Sjølve designet er asymmetrisk. Det har teksten på venstre side og biletet på høgre side. Komposisjonen er i balanse og har god einskap eller visuell samanheng.

  3. Stilar/epokar: Skrifta er inspirert av psykedelisk stil på grunn av dei litt "flytande" organiske formene. Biletet gir assosiasjonar til popkunst (pop art), både med tanke på illustrasjonsstilen, som har store reine flater, og fargebruken, som ikkje er heilt naturleg. Rastermønsteret gir assosiasjonar til gamle teikneseriar og avisar.

  4. Samanlikning med nettstad (sjå nedanfor): Dette bandet har ikkje nokon nettstad, sidan det ikkje finst.

  5. Kva YouTube-kanal som fungerer best visuelt: Dette kan de ta stilling til når de har sett nærare på dei tre ulike YouTube-kanalane.

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2021

Læringsressursar

Trendar i uttrykksformer