Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Målgruppe i digitale historier

Kva målgruppe passar innhaldet til? Jobb med oppgåver om målgrupper i digitale historier.
Tre kvinner frå ulike generasjonar klemmer kvarandre og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Kven er det laga for?

Kva målgrupper trur du følgjande produksjonar er laga for? Grunngi med tanke på tema og visuell stil.

  1. NRK: Avslørt av mobilen

  2. NRK: Blogger (94): – Vi eldre behandles som barn

  3. NRK: Først da Mads var død forsto foreldrene verdien av gamingen hans

Oppgåve 2: Planlegg innhald til ulike målgrupper

Sjå for deg at du i løpet av ein månad skal prøve deg i fleire ulike redaksjonar i eit stort mediekonsern. Skriv kva medietypar som kan passe til temaet du skal lage innhald til, og kva slags visuell stil og navigasjon som kan passe til målgruppa. Felles for alle oppdraga er at dei skal vere fleirmediale digitale historier. Lag gjerne skisser.

  1. Lag ein reportasje om Lisa og Joe som går på ekstremsportlinja på folkehøgskule. Dette skal vere i eit nettmagasin for ungdom mellom 16 og 22 år og ha ein fresh stil som passar godt til medievande unge personar. Hovudflata er mobiltelefon.

  2. Lag ei digital forteljing om lønsforskjellar mellom kvinner og menn. Saka skal ha mykje statistikk og ekspertkjelder, samtidig som du skal intervjue og møte ei kvinne og ein mann som har valt tradisjonelle og/eller utradisjonelle yrke. Målgruppa er vaksne mellom 30 og 40 år. Du skal gjere eit tema ein del tykkjer er keisamt, til noko interessant som gjeld dei. Hovudflata er datamaskin.

  3. Lag ein episode til ein serie tilpassa eldre der dei skal mimre om gode, gamle dagar. Episoden handlar om Reidar (78 år) og Evelyn (76 år), som framleis dansar swing, og som mimrar tilbake til dansekarrieren sin. Det finst mange svart-kvitt-foto og eldre videoopptak av dei. Dei eldre som skal lese om danseparet, skal bruke nettbrettet til underhaldning og trivsel og bli meir kompetente mediebrukarar. Det er ikkje alle som er like vande med digital navigasjon, og dei treng god lesbarheit. Hovudflata er nettbrett.

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 24.03.2021

Læringsressursar

Kommunikasjonsmodellar og målgrupper