Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vurder dramaturgien i kortfilmen Oslo Traffic

Ein kortfilm tek gjerne i bruk dramaturgiske element frå Hollywood-modellen for å skape spenning. Korleis er dramaturgien i kortfilmar som Oslo Traffic?
Kurve som beveger seg langs to aksar, spenning og tid. Kurven vis ulike fasar: anslag, presentasjon, opptrapping, vendepunkt, klimaks, konfliktløysing og avslutning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hollywood-modellen er ei godt kjend dramaturgisk oppskrift for å byggje forteljingar som skaper spenning og engasjement. Å kjenne fasane i Hollywood-modellen vil hjelpe deg å produsere godt innhald. Det kan òg vere eit nyttig verktøy for å forstå og analysere film. Vi skal no sjå nærmare på dramaturgien i kortfilmen Oslo Traffic (2016).

Oslo Traffic

Oppgåve A Anslaget

  1. Sjå klippet med ein del av anslaget (lengde: 3 minutt).
  2. Vurder om anslaget klarer å vekkje interesse og skape spenning. Kva inntrykk får du av dei to kvinnene? Diskuter i klassen.
  3. Finn fram ei grafisk teikning av Hollywood-modellen. Du kan gjerne bruke og laste ned illustrasjonen på denne sida.

Oppgåve B Dramaturgien

  1. Sjå heile kortfilmen. Forsøk å finne dei ulike dramaturgiske overgangane. Ta gjerne notat undervegs, eller skriv rett på illustrasjonen av Hollywood-modellen.
  2. Bruk litt tid på å sjå gjennom notata dine.
  3. Samanlikn funna dine med ein medelev. Diskuter følgjande spørsmål: Er det ei spesiell hending som markerer overgangen frå presentasjonen til opptrappinga? Finn de eksempel på vendepunkt i forteljinga? Kva er klimakset i filmen?
  4. Korleis likte de slutten? Kva synest de om handlingane til den gravide kvinna? Korleis trur de det går vidare med den utanlandske kvinna?
  5. Vurder til slutt om de synest kortfilmen byggjer på Hollywood-modellen, og diskuter gjerne analysen med resten av klassen.
Løysingsforslag

I kortfilmen er anslaget tydeleg markert ved at det blir avslutta med tittelen på filmen, Oslo Traffic. Anslaget introduserer oss for hovudpersonane og set oss raskt inn i konflikten. I anslaget får vi òg sjå at den gravide kvinna har ein mobiltelefon. Denne telefonen vil seinare få ei avgjerande betydning for utviklinga i filmen. Den neste fasen, presentasjonen, gir oss eit større innblikk i kvinnene si uro. I løpet av kvinnene sin køyretur frå åstaden flatar spenningskurva litt ut, og vi får eit lite kvileskjer. Dette er eit dramaturgisk grep gjort for å skape kontrast til dei meir dramatiske scenene. Opptrappinga startar med det første vendepunktet: Bilen treng bensin. Samtidig ringjer sonen til den avlidne, og ein politibil kan skimtast. Her blir kvinnene sett på ein ny prøve. Igjen kjem dei seg unna, og vi får ein rolegare periode der kvinnene lyttar til musikk på radioen. Når dei akkurat har fått igjen pusten, blir spenninga utløyst på nytt. Dei krasjar bilen og får ikkje start på motoren. Her vender forteljinga på nytt, og vi får ei stigande spenningskurve der kvinnene endar opp med å setje fyr på bilen der liket er gøymt. Det aller siste vendepunktet, point of no return, inntreffer når den gravide kvinna finn ut at mobiltelefonen hennar er gløymt att ved den brennande bilen. Samtidig har politiet kome til staden. Klimakset i filmen er når den eine kvinna blir teken av politiet, mens den andre slepp unna. Etter dette får vi ei rask løysing og avrunding av filmen. Den gravide kvinna tek bussen heim til han ho elskar, mens den andre blir teken hand om av politiet.

To jenter er på spasertur. Det er snø. Foto.

Oppgåve C Analyser ein annan kortfilm

  1. Vel ein ny kortfilm frå NDLA film i samråd med læraren din og klassen. Sjå filmen saman.
  2. Bruk det du har lært om dramaturgi. Forsøk å finne dei ulike dramaturgiske overgangane.
  3. Diskuter dramaturgien i klassen. Blir de einige?

Filer

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 18.08.2022

Læringsressursar

Historieforteljing og dramaturgi