Elevane skal skanne QR-kodar for å finne faginnhald på ulike postar i dette undervisningsopplegget.
Forarbeid
Del elevane i fem grupper.
Plasser postane på ulike stader på skuleområdet. Gjer det lett å finne dei. Dersom postane er plasserte på eit større område, kan du lage eit enkelt kart over postane.
Post 1 har videoklipp og må vere ein stad der elevane kan spele av lyd, eventuelt kan elevane bruke høyretelefonar.
Skriv ut dokumentet med postane og plasser ut desse før timen startar.
Gjer ein enkel test og sjekk at kodane fungerer.
Gjennomføring
Elevane skal innom alle postane, og dei følger rekkefølga på postane.
Set av like lang tid til kvar post. Bruk alarm for å halde tida. Lag eit signal som betyr at elevane skal byte post.
Læraren går innom gruppene undervegs mens stasjonsarbeidet går føre seg.