Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Løys ei GIF-utfordring

GIF har røter til 1980-talet og er enno i bruk for enkle animasjonar på ei rekkje nettsider. Biletformatet er forelda, noko som skaper utfordringar når formatet skal brukast. I denne oppgåva skal du løyse det praktiske problemet til ein kunde med å få laga ein fungerande GIF-animasjon.
Ein animasjon av ein nettverksmodell. Ein svitsj er kopla saman med ein ruter og tre datamaskiner. Frå den eine datamaskina til svitsjen beveger det seg tre prikkar. Dei same prikkane går frå svitsjen og ut til ei av dei andre datamaskinene. Informasjon om MAC-adressene og svitsjportane til datamaskinene går frå svitsjen til ein CAM-tabell nede i høgre hjørne. Animasjonen har fleire grafiske defektar som lagar biletforstyrringar. Illustrasjon.

I GIF-animasjonen over kan du sjå resultatet av ei eksportering av animasjon til GIF som ikkje var vellykka. Animasjonen var i utgangspunktet laga i teikneprogrammet Microsoft Visio og vidare omarbeidd i Photoshop, After Effects og Premiere. Eksporteringa ut av Adobe gav GIF-filer som var over 10 MB store og hadde synlege biletforstyrringar.

Ved eksportering av animasjonen som videofil (H.264 mp4) er animasjonen utan desse forstyrringane.

Oppgåva di er å ta videofila av animasjonen og gjere om han til ei GIF-fil som fungerer godt. Oppløysinga på GIF-en din skal vere 1920 x 1080 pikslar, og fila skal ikkje vere større enn maks 3 MB.

Filer

Det finst ei rekkje triks for å gjere GIF-filer mindre. Adobe-programvara har ikkje nødvendigvis alle svara du treng for å løyse oppgåva. Same korleis du går fram, vil sluttkvaliteten på GIF-animasjonen bli lågare enn videofila du startar med. Dette er på grunn av dei fundamentale avgrensingane i GIF, som fargepalett med berre 256 fargar og svak komprimering.

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Nye opplevingar med teknologi