Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein fotoreportasje

Målet med dette oppdraget er at du skal øve deg på å formidle ein bodskap gjennom fotografi og bilettekstar. Temaet du skal lære meir om, er statistikk om mediebruk.
Unge som er opptatt av hver sin mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk deg at du jobbar i eit landsdekkjande nyheitsmagasin. Du får i oppdrag å lage ein fotoreportasje om mediebruk hos barn og unge. Annakvart år publiserer Medietilsynet ei stor undersøking som fortel noko om korleis barn og unge bruker media. Utdrag frå undersøkinga finn du her: Barn og unges mediebruk.

I dette oppdraget kan det vere ein fordel at de jobbar i små grupper sidan det kan vere lettare å hente ut informasjon og å ta gode bilete når ein er fleire. Men det er viktig at alle tek eigne bilete slik at heile gruppa får trening i å bruke kamera og å komponere bilete.

Krav til oppdraget

  1. Gå gjennom Medietilsynet sin rapport og vel ut eitt eller to temaområde.
  2. Planlegg korleis de visuelt kan framstille temaet i ein fotoreportasje.
  3. Jobb med å finne kjelder; gjerne barn og unge, som kan seie noko om temaet. Finn gjerne ei ekspertkjelde også.
  4. Intervju kjeldene om kva dei tenkjer om det som står i rapporten, og om deira eigen mediebruk.
  5. Ta fotografi som kan vere med på å få fram bodskapen. Då må de møte kjeldene dykkar i ein situasjon der dei bruker media slik de ønskjer å få det fram i fotoreportasjen, for eksempel heime.
  6. Legg vekt på å utnytte moglegheitene i kameraet. Tenk biletkomposisjon både når de planlegg bileta, og når de fotograferer.
  7. Rediger bileta i det biletbehandlingsprogrammet de nyttar på skulen. Ver medviten om kva de gjer i redigering, og kvifor de gjer det. Hugs at det er strenge krav til kva ein kan redigere når det gjeld fotojournalistiske bilete.
  8. Skriv ein kort journalistisk tekst som hjelper målgruppa til å forstå kva saka handlar om. Legg ekstra arbeid i å lage gode bilettekstar som utfyller bileta.
  9. Set bileta og teksten saman til ein fotoreportasje som treff målgruppa. Bli einig med læraren om kva format fotoreportasjen skal lagrast i.
  10. Lag eit refleksjonsnotat eller presenter produktet munnleg med utgangspunkt i eit stikkordmanus.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Biletsjangrar