Eigenvurdering
Eigenvurdering for emnet biletredigering
Her kan du sjekke forståinga di av emnet biletredigering. Kva har du fått med deg?
Kan du svare ja på alle påstandane nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet biletredigering.
- Du kjenner til ulike metodar for etterbehandling av bilete.
- Du kan grunnleggjande biletredigeringsmetodar i profesjonell programvare, som å skjere, å justere fargar og lys og å skarpe opp bilete.
- Du har kunnskap om biletformat og om kva format som eignar seg til ulike publiseringsstader.
- Du kan komprimere bilete til filformat som er føremålstenlege til ulike typar bruk og behov.
- Du kan ferdigstille bilete med RGB- og CMYK-fargerom, og du veit når du skal bruke kva for eit av dei.
- Du kan gjere meir avansert biletredigering, som montasje der du set saman ulike biletkjelder til eit nytt uttrykk på ein profesjonell måte.
Fagomgrep | |||
---|---|---|---|
CMYK | RGB | RAW-format | Halvtotal |
Nær | Halvnær | Skjere til | Det gylne snitt |
Kvitbalanse | Blikkpunkt | Biletmontasje | Komprimering |