Justere lys og fargar
![Brukergrensesnitt raw-import. Grafikk.](https://api.ndla.no/image-api/raw/raw2.jpg?width=1024)
Om vi har eit raw-bilete frå eit spegelreflekskamera, vil vi gjere lys- og fargejusteringar under importeringa av biletet.
![Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/skjermbilde_2016-06-20_kl._10.20.09.png?width=1024)
Justering av nivå (levels) er den enklaste måten å endre kontrast og lys i biletet på. I Photoshop nyttar vi justeringslag for å justere nivå. Det ligg eit lite sirkelikon nedanfor lagpaletten der ein kan velje dette verktøyet.
![Båt på sjøen og mann som solar seg på svaberg. Foto.](https://api.ndla.no/image-api/raw/nivaaenepixlr.jpg?width=1024)
Eit histogram syner oss korleis biletdataene fordelar seg mellom mørke og lyse tonar. Om det ikkje er utslag til høgre, tyder det at ingen pikslar i biletet er heilt kvite. For å få betre spenn i lyssettinga ønskjer vi ofte å justere oss innover frå kantane til dit kurva startar. Midtpunktet justerer vi for å få heile biletet lysare eller mørkare.
Vi har verktøy for å justere nyanse, metning og lysheit i bileta våre. I videoen går dei rett på menyen slik ein må gjere det i pixlr.com/editor. Men nyttar du Photoshop til biletbehandling, vil vi heller tilrå at du vel den same funksjonen som justeringslag under lagpaletten for å kunne justere desse innstillingane på eit seinare tidspunkt i biletredigeringa.