Miljølydar fortel oss kvar vi er, for eksempel på kafé, i skogen eller langs vegen.
Ta opp og rediger miljølyd
- Gå saman i par. Bruk lydopptakar til å ta opp miljølyd frå gata, parken, kantina, biblioteket eller andre stader. Hugs at lyttarane skal få kjensla av sjølve å vere til stades på same location.
- Lytt til dei ulike opptaka i klassen. Klarer de å høyre kor dei ulike miljølydane er henta frå?
- Bruk eit lydredigeringsverktøy og sett saman dei ulike miljølydane til ei lydreise, det vil seie ei forteljing der dei som høyrer på, får ei kjensle av å reise gjennom eit landskap eller ein bygning.
CC BY-SASkrive av Thomas Nupen.
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018