Øving
Bruk lyd i ein produksjon
Vel ei oppgåve for å øve på korleis du kan bruke lyd som verkemiddel i ein medieproduksjon. Den første oppgåva handlar om å lage ein kort lydproduksjon med kontentum og blokk. I oppgåve to kan du filme ei dansescene og eksperimentere med ulike typar musikk.
Kontentum
- Ta med deg ein lydopptakar og ei notatblokk ut i skulegarden. Hugs at du enkelt kan spele inn lyd på ein smarttelefon.
- Observer og beskriv staden rundt deg og ta opp kontentum (miljølyd) frå skulegarden.
- Etterpå lagar du ei blokk der du prøver å skape bilete i hovudet til lyttaren. Ikkje les direkte frå notata dine. Då vil blokka høyrast opplesen og uekte ut.
- Rediger saman blokk og kontentum. Målet er å gi lyttaren ei kjensle av å stå saman med deg i skulegarden.
Film ei dansescene
- Film ei scene der du sjølv eller nokre av medelevane dine dansar til musikk. Sjå gjerne denne korte filmen for å få tips til korleis du bør filme ei dansescene: Filmkjøkkenet Episode 2
- Lag fleire versjonar av same filmsnutt, der du eksperimenterer med å bruke ulik type musikk. Kva skjer med stemninga i filmen om du legg på klassisk musikk, og kva skjer om du legg på skummel musikk?