Militær motstand
Etter at kongen og regjeringa hadde flykta til England sommaren 1940, var mange nordmenn i villreie. Korleis skulle dei gå fram i høve til okkupasjonsmakta? Mange stader i landet oppstod det utover hausten ulike grupper som ville ta opp kampen mot tyskarane og NS. For å koordinere dei ulike militære motstandsgruppene vart Rådet etablert. Først i november vart Milorg anerkjend av Londonregjeringa.
"Regjeringen anerkjenner Milorg i Norge og dets lederskap. Milorg skal stå direkte under den øverstkommanderende for den norske hær i Storbritannia. Alle som deltar i kampen for frihet i Norge blir oppfordret til å innordne seg under Milorg, og de skal betraktes som stående under militær kommando. Denne sak har vært forelagt for Hans Majestet Kongen som er enig med Regjeringen."
Forsvarsrådets vedtak, 20. november 1941
Lenge skulle Milorg bygge opp styrkane og halde seg passive overfor okkupasjonsmakta. Dette var Londonregjeringas ønske på grunn av frykt for at tyske hemnaksjonar kunne ramme uskuldige menneske. Milorgs arbeid var, ved sida av å etablere militære einingar, kartlegging og spionasje mot den tyske okkupasjonsmakta og dessutan å rapportere informasjon til Londonregjeringa og dei allierte styrkane. Det vart også ført oversikt over nordmenn som gjekk i teneste hos fienden, som til dømes medlemmer av Nasjonal Samling.
Sivil og militær motstandskamp gjekk føre seg parallelt. Heimefronten hjelpte ettersøkte motstandsfolk på flukt med falske pass og transport til Sverige. Dei bidrog med fagfolk, lokale og utstyr til trykking og levering av illegale aviser. I tillegg sørgde heimefronten for hjelp til familiane til motstandsfolk som sat i fengsel eller hadde vorte drepne av nazistane.
Først i dei siste krigsåra gjekk Milorg til større aksjonar. Dei gjennomførte fleire sabotasjeaksjonar som kravde mange menneskeliv.
Dette er London
Radiosendingane frå London var nødvendige for heimefronten i koordineringa av aksjonar, flyslepp og informasjon om krigens gong i Europa. Koda beskjedar til Milorg kom i form av særmeldingar det berre var mottakaren som kunne tolke.
Høyr på dømet, og tenk over kva beskjedane kunne handle om.
Parallelt med Milorgs verksemd under krigen dreiv kommunistiske motstandsgrupper i Noreg, som Osvaldgruppa og Pellegruppa, meir aktiv sabotasjeverksemd mot den tyske okkupasjonsmakta. Spesielt etter at Tyskland og forbundsfellane deira starta angrepet på Sovjetunionen sommaren 1941.
Den kommunistiske Osvaldgruppa gjennomførte omtrent 200 sabotasjeoperasjonar i Noreg, ofte med støtte frå den norske regjeringa i London. Det var likevel berre den militære organisasjonen Milorg som vart fullt anerkjend av regjeringa og lagd under Forsvarets overkommando i London.
Først i 2013 vart medlemmer av Osvaldgruppa dekorerte for innsatsen under andre verdskrigen.
Den tyske okkupasjonsmakta bygde regimet sitt på frykt og truslar. Det var farleg å gjere motstand mot nazistane, og mange vart torturerte, fengsla eller sende i fangeleirar. Folk som dreiv motstandsarbeid, risikerte å bli tekne av Gestapo, som var den mest brutale avdelinga i Nazi-Tysklands sikkerheitspoliti.
Gestapos viktigaste oppgåve i Noreg var å kjempe mot alle former for motstandsrørsle. Gestapo i Noreg utgjorde cirka 700 mann, hadde støttefunksjonar blant ulike politiavdelingar og fekk informasjon frå mange angivarar i Noreg. Av dei var Rinnanbanden mest kjend. Dei opererte i tysk teneste i åra 1941–1945 ved å infiltrere motstandsgrupper og gi informasjon til tyskarane. Leiaren i banden, Henry Rinnan (1915–1947) deltok sjølv aktivt med tortur i avhøyra av fengsla motstandsfolk. Under landsvikoppgjeret vart Rinnan dømd for 13 drap. Han vart dømd til døden og skoten i Trondheim i 1947.
Milorgs viktigaste oppgåve det siste krigsåret var å verne viktige hamner, kraft- og industrianlegg då krigsnederlaget var eit faktum for den tyske okkupasjonsmakta. Spørsmålet var kva dei tyske troppane ville gjere i Noreg ved ein kapitulasjon.
Milorg skulle elles vere ein styrke som skulle tre i beredskap ved frigjeringa av Noreg, og hovudmålet var å halde oppe fred og orden. Då tyskarane kapitulerte på alle frontar i maidagane i 1945, tredde eit godt organisert Milorg fram på banen. Oppgåva var å gjere overgangen frå krig til fred best mogleg for det norske folket. I mai- og junidagane 1945 kom norske styresmakter inn i styringa av Noreg. Dei viktigaste styringsorgana til demokratiet, som domstolar og ei samlingsregjering, skulle legge til rette for eit fritt stortingsval i september same år.
Skodvin, M. (2022). Heimefronten. I Store norske leksikon. Henta 6. april 2022 frå https://snl.no/hjemmefronten
Skodvin, M. & Sæveraas, T. E. (2022, 3. januar). Henry Rinnan. I Store norske leksikon. https://snl.no/henry_rinnan
Relatert innhald
Gjennom forsøket på nazifisering av det norske samfunnet vart kvardagen for folk endra under krigen.