Hopp til innhald

Fagstoff

Opplysningstid: revolusjonane

Dei politiske revolusjonane i opplysningstida endra Europa for alltid. Trass i at stormaktene sigra over Napoleon, førte Wienkongressen i 1814–15 til folkelege opprør utover på 1800-talet.
Den franske diktaren og politikaren Lamartine utanfor rådhuset i Paris under februarrevolusjonen i 1848. Han er omringa av folk med fleire store flagg, nokre franske og eit par raude. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tankar om individ og samfunn

Opplysningsfilosofane utvikla nye teoriar om samfunnet. Mot slutten av perioden vart teoriane prøvde ut med meir eller mindre hell. Likevel endar perioden med eit tilbakeslag for desse nye tankane etter Napoleonskrigane. Det einaste unntaket er Noreg som fekk grunnlov og sjølvstyre i 1814.

Eit sentralt tema i opplysningstida var: "Korleis skape det perfekte samfunnet?" Den vanlegaste styreforma i Europa på denne tida var eineveldet, der kongen hadde all makt. Fleire tok til orde for eit "opplyst" einevelde, der kongen skulle styre etter dei nye idéane i opplysningstida om individ og samfunn. I dei fleste europeiske landa på 1700-talet dominerte standssamfunnet frå mellomalderen. Der hadde spesielt adelen mykje makt og ville verne sine eigne interesser og privilegium.

For opplysningsfilosofar som John Locke, Charles Montesquieu og Jean-Jacques Rousseau var ikkje dette nok. Dei ønskte seg ein stat komme frå folket. Derfor vart folkesuverenitet, maktfordeling, grunnlov, likskap for lova og ytringsfridom sentrale kampsaker for tenkjarane i opplysningstida. Dette skulle bli fundamentet for revolusjonar og folkelege opprør gjennom hundreåret som følgde.

Den amerikanske revolusjonen

Europearane byrja å etablere koloniar i Nord-Amerika på 1600-talet. Kolonistar frå fleire europeiske land starta med plantasjar, jordbruk og handel. Urbefolkninga vart gradvis fortrengd og driven vestover. På 1700-talet auka befolkninga betydeleg, og gradvis vart det etablert ein eigen amerikansk identitet.

Konfliktane mellom urbefolkninga, franskmenn, amerikanske kolonistar og britar enda i Storbritannias favør i 1763. Konsekvensane av krigen skjerpa likevel motsetningane mellom kolonistane og kongeriket Storbritannia. "The Boston Tea Party" i 1773 markerte starten på frigjeringskrigen.

Frigjeringskrigen mot Storbritannia enda med grunnlegginga av eit sjølvstendig USA og ei grunnlov i 1787 etter idéane og prinsippa frå opplysningstida.

Den franske revolusjonen

I store delar av 1700-talet levde dei styrande elitane i det franske eineveldet i ei livsfjern verd, langt frå vanlege folk. Før revolusjonen i 1789 bestod det franske eineveldet av ulike stender med ulike rettar og pliktar. Både idéane frå opplysningstida om nye statsformer, med ein samfunnskontrakt forankra i folket, og forholda i det gamle standssamfunnet kan sjåast som underliggjande årsaker til den franske revolusjonen. Av meir utløysande årsaker er dei økonomiske problema og hendingane under stenderforsamlinga i 1789.

Gjennom den franske revolusjonen i 1789 endra maktforholda seg dramatisk. Med stor oppslutning blant borgarskap og bønder vart grunnlova og det konstitusjonelle monarkiet innført i 1791. No gjaldt slagordet "Fridom, likskap og brorskap".

Ulike revolusjonære grupper ville likevel drive den franske revolusjonen vidare. Med avrettinga av kongen vart republikken innført i 1793. Dei første åra vart prega av eit skrekkvelde der ulike revolusjonære fraksjonar kjempa mot kvarandre.

Då Napoleon og støttespelarane hans i hæren gjorde statskupp i 1799, etter eit tiår med revolusjon og krigstilstand, var stabilitet det viktigaste for franskmennene. Napoleons moderne reformprogram sikra støtte i den franske befolkninga.

Oppgjeret etter Napoleonskrigane

Etter Napoleonskrigane (1803–1815) prøvde sigerherrane, først og fremst Russland, Storbritannia, Austerrike og Preussen å tilbakestille dei liberale grunnlovene frå opplysningstida og teikna eit nytt Europakart etter dynastiske prinsipp.

Trass i at stormaktene sigra og sette og konservative program for Europa, skapte dette føresetnader for nye folkelege opprør. Idéen om at ein nasjon og eit folk skulle styre seg sjølv, vart framståande utover 1800-talet.

Relatert innhald

Napoleonskrigane frå ca. 1802 til 1815 markerte overgangen til 1800-talets Europa. Sluttoppgjeret etter krigane fekk stor betydning for Noreg og Norden.

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 08.10.2021

Læringsressursar

Opplysingstid og revolusjonar