Hopp til innhald

Fagstoff

Opplysingstid: samfunnsomveltingar

Gjennom opplysningstida skjedde ei rekkje store økonomiske og politiske revolusjonar som skulle endre verda for godt. Den industrielle revolusjonen starta først i Storbritannia i siste halvdel av 1700-talet.
Porselenmanufaktur. Liten fabrikk som produserer porselen. Ei rekkje arbeidarar utfører oppgåver.  Illustrasjon frå 1700-talet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samfunnsomveltingar

Perioden frå byrjinga av 1700-talet til byrjinga av 1800-talet er prega av nye idear, store omveltingar eller forsøk på omveltingar. I Storbritannia byrjar ein å produsere varer på ein nye måte: med fabrikkar og maskiner. Dette skal etter kvart endre verda totalt. Mellom 1750 og 1850 skjedde det ei total omvelting frå heimeproduksjon til fabrikkdrift i store delar av næringslivet i Storbritannia. Det var fleire forhold som gjorde at denne endringa skjedde nettopp her.

Befolkningsvekst

Frå midten av 1700-talet steig folketalet i Nord- og Vest-Europa, men Storbritannia låg i forkant av denne utviklinga. Her skjedde det samtidig ei effektivisering i jordbruket ved at godseigarane slo saman jordstykke til større einingar. Effektiviseringa gav meir mat, noko som gjorde det mogleg å fø fleire menneske. Meir mat gav betre helse og betre forsvar mot sjukdom. Dette bidrog igjen til auka befolkningsvekst.

Jordbruk og industri

Småbøndene vart pressa ut av jordbruket på grunn av effektiviseringa og flytta til byane for å søkje arbeid. Dette gav arbeidskraft til industrien. Befolkningsvekst gav òg meir etterspurnad etter varer, og sidan fabrikkarbeidarane fekk lønn, kunne dei òg kjøpe varer for pengar.

Men industrialiseringa hadde ikkje vore mogleg utan at det samtidig skjedde viktige endringar i korleis varene vart produserte. I tekstilnæringa i Storbritannia hadde dei utvikla forlagssystemet. Det vart eit viktig steg på vegen mot industri.

Forlagssystemet

Kjøpmenn kunne ha fleire hundre bønder som jobba for seg og produserte tråd, garn og stoff heime på garden. Produkta vart samla inn og selde av kjøpmennene, som etter kvart opparbeidde seg kapital. Gjennom å investere i fabrikkar og samle produksjonen på éin stad, vart prosessen meir effektiv. Utover på 1700-talet vart det utvikla ulike maskiner som gav ein ekstrem auke i effektiviteten.

Dampmaskina

Oppfinninga av dampmaskina skjedde i utgangspunktet for å løyse ein praktisk vanske i gruvene. I takt med utvinning av kol frå gruvene vart vatna eit problem. Dei første dampmaskinene vart konstruerte for å frakte vatnet ut, slik at tilgangen til kol og mineral kunne auke. Seinare vart maskinene forbetra og tilpassa til bruk i fabrikkar, og på 1800-talet på tog og skip. Her hadde òg Storbritannia eit fortrinn: god tilgang på kol til drivstoff og jern til maskiner og reiskapar.

Klassesamfunnet

Industrialiseringa endra samfunnet radikalt. I dei nye industribyane vart fabrikkar sette opp, og ei aukande tilflytting frå landområda rundt fann stad. Dette skapte nye logistiske problem med fabrikkane, arbeidarbustadene, kloakken og andre sanitære forhold.

Fabrikkeigarane ønskte profitt og låge produksjonskostnader. Dei såg i første omgang inga hensikt i å bidra til å avgrense giftige utslepp, eller gi arbeidarane ei lønn å leve av. I det nye kapitalistiske systemet vart sosiale klassar etablerte. Bedriftseigarane eigde fabrikkane og etterspurde villig arbeidskraft mot betaling.

Den nye industriarbeidarklassen hadde berre arbeidskrafta si å tilby. Dette skapte klassemotsetningar mellom kapitalistane og arbeidarane. Etter kvart som arbeidarane vart sameinte i fagforeiningar, kunne dei med større slagkraft utfordre bedriftseigarane med krav om anstendig lønn, reglar for arbeidstid og eit trygt arbeidsmiljø.

Relatert innhald

Arven frå opplysingstida er synleg i dagens samfunn. Idéane frå opplysningstida har vorte vidareførte i kampen for medråderett og fridom.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen og Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2021

Læringsressursar

Opplysingstid og revolusjonar