Hopp til innhald

Fagstoff

Bruken av vikingtida som politisk middel i ettertida

Vikingtida blir oppfatta som ein stolt periode i norsk historie. Då Noreg etter 1814 skulle finne eigenarten og røtene sine, var det denne perioden ein søkte til - til ei tid før det danske overherredømmet, ei tid ein kunne vere stolt av.
Måleri der blikkfanget er ein mann i raude klede som blir stukken med eit spyd mens han hevar skjoldet. Rundt ham er det kamp med sverd og øks.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vikingen og bonden i nasjonalromantikken

Då vi i tida etter 1814 skulle finne den nye identiteten vår, var det i stor grad den gamle stordomstida vi såg tilbake på. For det første blei bonden sterkt idealisert. Han var trass alt den som hadde halde dei norske tradisjonane i hevd gjennom den 400 år lange unionstida. Den frie og uavhengige bonden, etter ekte mellomalderideal, blei hylla som det typisk norske.

Teikning av soldatar i strid med sverd, spyd og skjold. Ein mann med heva sverd og skjold kan sjåast i front.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Noko av det andre vi såg tilbake på, var den stolte norske historia. Det er ikkje tilfeldig at 1800-talet var ein periode då mange tok til å studere sagalitteraturen og det gamle norrøne språket. Ivar Aasen laga til dømes eit skriftspråk som tok utgangspunkt i dei reine, norske dialektane, dei dialektane han meinte stamma direkte frå det norrøne språket og ikkje var påverka av dansk språk. Det blei òg stor interesse rundt dei gamle vikingkongane, og i både kunst og litteratur ville ein vise fram det «ekte» og gamle norske.

I tida etter 1814 blei den eldre noregshistoria på denne måten brukt aktivt av politikarar, diktarar, kunstnarar og andre kulturpersonar for å skape eit nytt og einskapleg Noreg. Nasjonalstaten stod sterkt på denne tida, og ein hadde ein idé om at alle innanfor ein stat måtte ha ein felles kultur og eit felles språk. Denne fellesnemnaren fann ein i den gamle stordomstida, og trass i 400 år med andre verdiar og samfunnsformer, meinte ein altså at det var desse ideala nasjonen Noreg måtte byggje på.

Eldre norsk historie i høgreekstreme grupper

Medan dyrkinga av vikingtida under nasjonalromantikken kan verke nokså uskuldig, blei den gamle nordiske historia brukt i langt meir uhyggelege samanhengar nokre tiår seinare. I den nazistiske ideologien, med tanken om ein rein arisk rase, stod nemleg den gamle nordiske historia sentralt. Medan ein visste lite om den germanske historia elles, var det ikkje tvil om den nordgermanske, eller skandinaviske, fortida. Den blonde, høgreiste vikingen som herska på hava, blei derfor eit viktig symbol for det nazistiske idealmennesket.

Mange av dei nazistiske symbola hadde òg utspringet sitt i den eldre nordiske historia. Dersom vi ser på det svært kjende SS-symbolet, kan vi lett kjenne att den gamle runebokstaven «s». Den dag i dag ser vi òg at høgreekstreme grupper gjerne tyr til norrøne symbol og namn. På den måten kan dei knyte band til ei stolt tid i norsk historie som dei gjerne vil identifisere seg med. Ofte ønskjer dei å vise til gamle vikingideal som krigarvilje og mot. Men like ofte har det samanheng med rasediskriminering og framandhat og tanken om vikingen som «reinrasa» nordisk. Vikingane sjølve viste få teikn til framandfrykt. Dei handla med folk over store delar av verda og tok meir enn gjerne opp utanlandske element i kulturen sin.

Eit godt døme på dette er ei av kvinnene som blei funnen i gravhaugen på garden Oseberg i Vestfold. Ho hadde fått ei storslått gravferd, noko som tyder på ein høg posisjon i samfunnet. Men ho var ikkje norsk! Etter undersøkingar av klede og skjelett har ein kome fram til at ho truleg var frå området rundt Svartehavet. Det blei òg funne norske vektlodd med arabiskinspirerte motiv på eit jorde i Sandefjord. Den norske kulturen var altså ikkje eksklusivt nordisk, men henta impulsar frå andre delar av verda.

CC BY-SASkrive av Annikken Johansen. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 21.10.2020

Læringsressursar

Vikingtid