Hopp til innhald

Fagstoff

Rikssamling i vikingtid og tidleg norsk mellomalder

Konturane av eit norsk kongedømme ser vi frå slutten av 800-talet og fram til 1030. To sterke slekter hadde behov for å alliere seg. Begge miste inntekter fordi skipa deira blei plyndra: ynglingætta, med Harald Hårfagre som hovding, og ladejarlane i Trøndelag.
Tre store sverd i metall som er stukne ned i fjellet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den første rikssamlinga

Harald Hårfagre sin siger i slaget ved Hafrsfjord omkring år 900 blir rekna som den første rikssamlinga. Men kongedømmet hans utgjorde berre ein liten del av det som er norsk område i dag. Ideen om politisk samling av dei tradisjonelle hovdingområda var likevel sådd. Truleg var denne ideen henta frå det europeiske kontinentet. Vikingtokta hadde gitt innsikt i statsdanningane som skjedde i Vest-Europa.

Ein person handhelsar på ein annan person med krone sittande på ein trone. Utsmykningar i middelaldersk stil er teikna rundt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leidang, lagting og lendmenn

Tre viktige samfunnsinstitusjonar blei etablerte på denne tida: lagtinga, leidangen og lendmennene. Dette var institusjonar som alle gjorde sitt til å samle folk i større geografiske fellesskapar enn berre ætta.

Lagtinga var møteplassar der bøndene forhandla om rettar og plikter. Frostating, lagtinget for Trøndelag, og Gulating, for vestlandsområda, blei faste lagting. Folkeveksten gjorde at ættesamfunnet ikkje lenger greidde å løyse alle rettstvistar. Ordninga med lagting var truleg forma etter modell frå europeiske rettsordningar.

Sjøforsvaret til kongen blei kalla leidangen. Leidangen bestod av bønder som måtte stille båtar, mannskap og utstyr til rådvelde for å forsvare landområda til kongen. Kongen hadde dessutan behov for lojale menn som kunne styre områda i hans fråvær. Han allierte seg med storbønder, såkalla «årmenn».

Olav den heilage – kristningskongen

Statsdanninga endra seg med kongedømmet til Olav Haraldsson, frå 1015 til 1028. No blei kongemakta knytt til kristendommen.

Veggmåleri som viser ein mann med krone, øks og septer omringa av utsmykkingar og fleire små måleri som viser ulike tablå. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Olav Haraldsson etablerte ein kyrkjeinstitusjon med prestar, biskopar og kyrkjehus. Han kravde òg at bøndene på lagtinga avla eid på at dei ville støtte kyrkja sine institusjonar og kyrkja sin eigedom. Slik forma han eit system med seg sjølv som den øvste vernaren av kyrkja. Etter at Olav tapte mot ladejarlen og mennene hans på Stiklestad i 1030, fekk han helgenstatus, og i ettertida er han blitt kalla Olav den heilage.

Maktpolitisk spel og sosial uro

I 1152 oppretta paven i Roma eit eige erkebispesete i Trondheim. No blei Nidaros, Bergen, Hamar, Oslo og Stavanger eigne bispedømme. I tillegg blei Grønland, Island, Færøyane, Shetland, Hebridane og Man kyrkjeprovinsar. Opprettinga av erkebispesetet skjedde i ein periode som blir kalla borgarkrigstida.

Dei urolege tidene kan forklarast med at kampen om ressursane i landet blei hardare. Å reise «i viking» var ikkje lenger ein veg å gå for å sikre seg rikdom og makt. På kontinentet møtte dei no motstand frå effektive hærstyrkar. Kampen for å sikre seg ressursar blei stadig hardare. Uroa kan òg forklarast politisk. Arverekkjefølgja var uklar, og ulike kongsemne kjempa om trona.

Ny tronfølgjelov – «rex iustus» til Noreg

Ønsket om politisk stabilitet førte til at erkebiskop Øystein velsigna barnekongen Magnus Erlingsson og krona han til konge i 1163. Magnus var son til Erling Skakke og Ingrid, dottera til Sigurd Jorsalfare. Dermed var Magnus fødd med rett til trona berre gjennom morsarven. Kyrkja var ein viktig alliert for barnekongen.

Teikning i stil av eit middelaldersk trestikk som viser ein liten gut med krone som sit på ein trone. Han er omringa av fleire menneske, og ein mann kneler og kysser handa hans.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alliansen gav landet ei ny tronfølgjelov. Rammene for eit einekongedømme var lagde. Lova kravde no at berre den første ektefødde sonen skulle reknast som rettmessig kongsemne. Før dette kunne alle søner, både ektefødde og uektefødde, av tidlegare kongar bli ny konge. I tillegg styrkte lova kongemakta i Noreg ved å velsigne kongen og gi han status som «rex iustus», eit bindeledd mellom Gud og folket. Arven frå Augustin hadde altså nådd Noreg.

Opposisjon

Sterke grupper såg med uro på at kyrkja og kongen hadde samla så mykje makt i den nye alliansen. Derfor fekk eit nytt kongsemne, Sverre Sigurdsson, støtte då han kom til landet i 1176. Han samla ein sterk hær av eigedomslause og fattige – som blei kalla birkebeinarar. Namnet kom av at dei var kjende for å ha så dårlege skor at dei måtte surre bjørkenever rundt føtene. Sverre var ein sterk leiar og ein god strateg i kamp.

Styrken til Sverre viste seg ved at Erling Skakke måtte bøte med livet i slaget på Kalvskinnet i Nidaros i 1179. Kong Magnus Erlingsson måtte òg gi tapt for styrkane til Sverre i 1184, i slaget ved Fimreite.

Erkebiskopen nekta å krone Sverre til konge, fordi han hadde drepe kong Magnus. Biskopane samla ei militær motstandsgruppe mot Sverre, som blei kalla baglarane. Sverre svarte med å trekkje tilbake kyrkja sin rett til å tilsetje biskopar og prestar. Biskopane flykta utanlands. Svaret frå pavekyrkja var å lyse Sverre i bann.

På dødsleiet rådde Sverre sonen Håkon til å inngå forlik med kyrkja. Sverre hadde erfart kor vanskeleg det var å vere konge utan velsigning frå kyrkja. Både kong Magnus og kong Sverre sine erfaringar med kyrkja fortel oss at statsdanninga og utviklinga av kyrkjeorganisasjonen gjekk hand i hand. Dei voks seg sterkare med støtte frå kvarandre.

Kong Sverre

Fleire menn på hest kjempar med spyd og skjold i eit vinterlandskap. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljingane om kong Sverres krigerske lynne og sigrar har sett mange spor i norsk kultur. I 1862 måla Peter Nicolai Arbo «Kong Sverres tog over Vossefjellene». Her ser de Sverre framstelt sigrande med stridshornet som skal ha heitt Andvake. Ordet «andvake» er frå norrønt å kan ha betydd søvnløyse eller nattevakt. Snorre Sturlasson omtalar hornet i sine tekster frå 1200-tallet.

I nyare tid har Jon Fosse kalla ein av sine romanar Andvake. Teksten handlar om kjærleik og menneskeleg brutalitet.

Relatert innhald

I 1217 blei birkebeinarane og baglarane einige om at barnebarnet til Sverre, Håkon Håkonsson, skulle bli konge. Det markerer innleiinga på høgmellomalderen i Noreg.

CC BY-SASkrive av Nanna Paaske. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Vikingtid