Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til årsplan i historie påbygg

Det er mange måtar å disponere faginnhald og tid på. Nokon planlegg på vekebasis, andre i større periodar. Vi har laga eit forslag til korleis du kan planlegge skuleåret etter læreplanen ved hjelp av læringsressursane i NDLA for historie påbygg.
Kalenderblad med datoane i blått. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsressursar i historie påbygg frå NDLA

Dei oppdaterte læreplanane i LK20 er utgangspunktet for ressursane på NDLA. Læreplanen legg opp til mindre kronologi og ei meir tematisk tilnærming.

Det er dette vi har gjort i historiefaget her på NDLA. Emna handlar om naturressursar og berekraft, folk, flytting og handel, demokrati og medborgarskap og krig og konfliktar. Vi tilbyr likevel eit emne med dei historiske periodane der fagartiklar er sette i ein kronologisk samanheng.

Samanhengar og lange linjer

Noko av det viktigaste med LK20 er at det no skal trekkast lengre linjer. Sjølv om nokre emne har ein spesifikk tilhøyrsel til eldre historie og nokre til nyare historie, er det no ein endå større samanheng mellom emne. I strukturen på NDLA betyr det at du vil sjå ein samanheng, og at emnar bygger vidare på kvarandre. Eit døme her er hovudemnet Naturressursar og berekraft. Her går vi gjennom korleis menneske har skaffa mat og utnytta naturressursar heilt frå tidlege tider og fram til industrialisering og teknologiske omveltingar. Vi ser òg på kva naturen har betydd for folk opp gjennom historia.

Tverrfagleg arbeid og samanhengar i og mellom fag

Alle dei tre tverrfaglege temaa er med i læreplanen i historie. Særleg demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling har ein sentral plass i kompetansemåla. Det vil vere naturleg å jobbe med desse internt i faget, men historiefaget er òg viktig i samarbeid med ei rekke andre fag.

Storfamilie på Embrettstua seter i Stor-Elvdal, cirka 1890. Vaksne og barn står saman på eit tun. Nokre av barna sit fremst. Dei har alle finstasen på, og dei fleste har hovudplagg. Ein hest står saman med dei. I bakgrunnen er eit hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilpass ressursane til eiga undervisning

Den nye læreplanen i historie er lagd opp tematisk, slik vi som nemnt òg har løyst det i NDLA. Vi tilbyr likevel eit breitt spekter av ressursar, noko som gjer at lærarar kan tilpasse ressursane til si eiga undervisning og den aktuelle klassen. Nokre oppgåver kan tilpassast ved at elevane sjølve vel kva emne dei skal jobbe med. Som lærar må du gjere eit utval når du bruker NDLA som læremiddel i historie.

I forslaget til årsplan har vi lagt lenker til innhald på NDLA. Desse kan brukast for å nå dei aktuelle kompetansemåla og kjerneelementa i faget.

Forslag til årsplan

Vi har laga eit forslag til årsplan med tema og hovudemne, korte beskrivingar av innhald, læreplantilknytingar og lenker til fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande, og han kan lastast ned og tilpassast til ulike elevgrupper og skulen sine eigne årsplanar.

Filer

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2023

Læringsressursar

Om faget