Hopp til innhald

Fagstoff

Om historie påbygg på NDLA

Historiefaget på NDLA blei revidert i samsvar med fagfornyinga til skulestart 2022. Historie påbygg har no ein temabasert emneinngang, i staden for kronologisk. Dette er i samsvar med dei nye læreplanane i LK20.
Arbeidarar framfor den eldste stollen (gruvegangen) på koparverket i Kåfjord. Det er snø på bakken og små lafta trehus rundt der dei står. Svart/kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ny struktur

LK20 i historie er bygd opp tematisk i staden for kronologisk, og vi i NDLA har òg valt denne tilnærminga til faget.

Dei valde temaa vil vise dei lange linjene og fleire samanhengar mellom ulike emne og tider enn før. Det er framleis ein del som vil vere attkjenneleg, som at noko er eldre historie, og noko er nyare historie.

I tillegg tilbyr vi ein gjennomgang av dei historiske periodane, så du får oversikt før du skal jobbe med det temabaserte innhaldet.

Som før er læreplanen for påbygg i det store og heile lik den for historie på vg2 og vg3, men med nokre få endringar. Nokre stader er det ei anna formulering av kompetansemåla.

Dette er hovudemna du finn på påbygg:

  • Kjelder, historiebevisstheit og medborgarskap

  • Historiske periodar

  • Naturressursar og berekraft

  • Demokrati, ideologiar og medborgarskap

  • Folk, flytting og handel

  • Krig og konfliktar

  • Makt og religion

Det er fleire kjende stikkord under desse emna, som industrialisering, politiske ideologiar, kolonialisme og verdskrigane.

Men du finn òg nye perspektiv, som korleis berekraft heng saman med utnytting av naturressursane, korleis ideologiar og politiske omveltingar har påverka demokratisk deltaking, og om myndiggjering og frigjering i Noreg og Sápmi. Når det gjeld krig og konfliktar, er det nytt i læreplanen at vi skal sjå på korleis ideologiar og tankesett på 1900-talet har bidrege til undertrykking og folkemord.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2023

Læringsressursar

Om faget