Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonaljubileet – Noreg i tusen år

Nasjonaljubileet er eit stort jubileum som skal gå føre seg i 2030 og markere at det er 1000 år sidan slaget på Stiklestad. Men vi treng ikkje å vente heilt til 2030, for i åra som kjem, blir det fleire ulike jubileumsmarkeringar.
Biletet er beskrive i biletteksten. Illustrasjon.

Bakgrunn

Slaget på Stiklestad, 29. juli 1030, der Olav Haraldsson døydde, har seinare blitt ein milepæl for framveksten av Noreg, både i samband med riksdanninga og med kristninga av landet. Olav Haraldsson blei helgenkonge, og han blei eit symbol for det norske riket. I riksvåpenet vårt er det øksa til Olav løva held.

Det var kong Eirik Magnusson som først utstyrte løva i kongevåpenet med øks og krone. Det markerte at kongane no skulle forståast som ein slags stadlege representantar for den evige kongen i landet, Olav den heilage.

Løve i gull på raud bakgrunn. Løva held ei øks og har krone på hovudet. Det er også ei krone øvst på riksvåpenet. Illustrasjon.

Jubileumsstafett

I samband med Nasjonaljubileet blir det også andre jubileum knytte til ulike tema. All informasjon om jubileet og jubileumsstafetten finn du på Norge i tusen år, Nasjonaljubileet 2030.

I 2024 gjeld det Landslovjubileet. Vi feirar 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov. Deretter kjem jubilea slag i slag. Alle er del av forteljinga om Noreg.

  1. 2024 – Verdiar i lovverket:
    Landslovjubileet
    Moster 2024, Gulating og Frostating

  2. 2025 – Migrasjon og identitet
    Nasjonalt utvandrarjubileum

  3. 2026 – Slekt og samfunn

  4. 2027 – Tilhøyrsel – samisk miljø

  5. 2028 – Forteljingar om Noreg

  6. 2029 – Folketradisjon

  7. 2030 – Fellesskapar: jubileet for slaget på Stiklestad

  8. 2031 – Helgenkåring

Ressursar på NDLA

Vi har allereie fleire ressursar på NDLA som handlar om temaa i jubileumsstafetten og nasjonaljubileet. I perioden fram til 2030 kjem vi også til å publisere nytt innhald som er aktuelt i denne samanhengen.

Rikssamling i vikingtid og tidleg norsk mellomalder

Konge og kyrkje - maktkamp og samanfallande interesser

Høgmellomalderen i Noreg

Utvandring frå Noreg

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2024

Læringsressursar

Å utforske fortida