Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk og misbruk av historia

Det kviler eit stort ansvar på dei som har skal fortelje framtidige generasjonar om korleis og kvifor verda har vorte som ho har vorte.
Museumsmodell som skal vise korleis Hitler ønskte at verdshovudstaden Germania skulle sjå ut.  Bygningar i modellen har store kuplar og pilarar og skal likne arkitekturen frå antikken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historie, ideologi og politikk

Kryssinga mellom historie, ideologi og politikk har lenge vore sterk, og politiske miljø har gjerne hatt eigne oppfatningar om kva vi kan lære av historia. Mens kommunistar har sett på historia som ei lang forteljing om kamp mellom ulike samfunnsklassar, har høgreekstreme nasjonalistar sett på historia som ein kamp mellom etniske grupper eller "rasar". Ideologi og politikk har òg fått plass i den historiefaglege fellesskapen – enkelte historikarar har oppfatta seg sjølve som marxistar, andre har oppfatta seg som nasjonalistar.

Tradisjonelt har denne makta vorte forvalta av ein fagfellesskap som har prøvd – så godt det lèt seg gjere – å bli einige om nokolunde felles normer for kva som utgjer god historieforteljing. Her har ein sentral premiss vore at ein skal vere open og reieleg med kjeldebruk, at andre kollegaer kritisk skal vurdere arbeid før det blir gitt ut, og at alle står fritt til å kritisere faglege svakheiter i publiserte framstillingar.

Så lenge forlag hadde meir eller mindre monopol på å gi ut historiefaglege bøker, var situasjonen nokolunde oversiktleg. Historikarane var ikkje alltid einige om tolkingar og vurderingar av korleis og kvifor ting skjedde, men stort sett var det underforstått at dei ulike tolkingane var meir eller mindre rimelege og framstilt med reielege intensjonar.

I dag er situasjonen ganske annleis.

Den meir eller mindre samanhengande fagforståinga blir utfordra sterkt av nye medium, ikkje minst sosiale medium, og det finst omtrent like mange ulike oppfatningar av kvifor noko har skjedd som det finst YouTube-kanalar. Sidan det ikkje finst noka form for fagleg fellesskap, er det heller ikkje etablert felles normer for kva som utgjer god historieforteljing. Moglegheitene er derfor store for dei som anten har uærlege intensjonar med framstillingane sine eller rett og slett kanskje er litt naive og har misforstått noko, men som er heilag overtydde om at dei har funne ut "korleis det eigentleg var".

Bruk og misbruk av historia gjennom tidene

At historia blir brukt for å legitimere politiske prosjekt, er ikkje noko nytt. Tenk berre på kor sentral vikingtida og mellomalderen var for det norske nasjonsbyggingsprosjektet på 1800-talet.

I den nasjonalromantiske perioden vart det norske bondesamfunnet i mellomalderen ein målestokk på kva det "eigentleg norske" var, og alt frå målformer til påkledning (bunader) vart ivrig rekonstruerte for å skape det norske på nytt etter meir eller mindre 400 år med dansk styre.

Livet på ei seter. Unge bunadskledde kvinner i samspel med geiter, kyr og sauer. I bakgrunnen er det høge fjell og dramatisk himmel. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I mellomkrigstidas Italia og Tyskland vart symbolikk og arkitektur frå antikken og mellomalderen utruleg viktig i Mussolinis og Hitlers forsøk på å attskape eit nytt stordomsrike. Italia skulle bli eit nytt romarrike, og særleg arkitektur frå antikken, med enorme dimensjonar, søyler og klassiske bogar, prega Mussolinis bygningsprosjekt i Roma.

Bygningen er høg, han har seks etasjar med ni like, rundbogeforma arkadar framfor vindauga som ligg djupare inn. Øvst er det eit breitt felt med skrift. På gateplan står det kvite statuar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hitler på si side drøymde om at Tyskland skulle bli til Det tredje riket, etter modell av Det tysk-romerske mellomalderriket og det tyske keisarriket frå rikssamlinga og fram til slutten av første verdskrigen. Germanske sagaer og forteljingar vart inspirasjonskjelder for ei rekkje nye nasjonalmonument. Men også her var antikke ideal – ikkje minst førestillinga om stordom og imperialisme – viktige i måten Hitler og hans næraste planla eit nytt Berlin og eit nytt Tyskland på.

Også i Noreg henta dei ideal frå fortida. Særleg vikingtida var heilt sentral i symbolbruken til Vidkun Quisling og Nasjonal Samling under krigen. Det vart reiste bautaer og minnesmerke med runeskrift og norrøne symbol, og nordmenn vart i Nasjonal Samlings propaganda samanlikna med vikingkrigarar.

Quisling står på ein talarstol bak monumentet som er eit stort steinrelieff. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Underforstått var bodskapen til Nasjonal samling at medlemmene deira var heltar som deltok i ein nasjonal kamp med linjer tilbake til vikingtida og mellomalderkongedømmet Noreg.

Dette var ei forteljing som definitivt ikkje var akseptert av alle under krigen, og som i alle fall fekk ein brå slutt med krigsoppgjeret etter at Nazi-Tyskland kapitulerte. Quisling vart, saman med andre framståande NS-medlemmer, skoten som landsforrædar, og ei rekkje vanlege NS-medlemmer vart dømde til fengselsstraffer og til å betale erstatningar. Namnet Quisling vart etter krigen eit synonym for forrædar.

Stopp opp og reflekter:

Korleis skil Quislings bruk av vikingtidas historie seg frå dagens bruk av vikingar i populære tv-seriar og filmar?

Bruk og misbruk av historia i dag

Biletet viser fem–seks unge menn  frå Den nordiske motstandsrørsla. Dei held fram grøne flagg med runa "T". Det er nokre menneske som står på avstand rundt  på plassen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den store forteljinga er kanskje over, men i enkelte miljø lever desse forteljingane vidare den dag i dag. Den nordiske motstandsrørsla, ei nynazistisk rørsle i Sverige, Finland og Noreg, bruker symbolikk frå norrøn tid på same måte som Nasjonal Samling gjorde under krigen. I flagget sitt har dei runa "T" som symboliserer den norrøne og germanske krigsguden Tyr.

I tillegg til at referansane til det norrøne handlar om at organisasjonen oppfattar seg som krigsvillige, viljesterke og heltemodige, ligg det nok òg implisitt at det norrøne samfunnet var homogent og lite multikulturelt – eit homogent samfunn som berre bestod av etniske, blonde nordmenn. I det rasistiske verdsbiletet til rørsla var det derfor meir "ekte norsk" enn dagens fleirkulturelle samfunn.

Dette er nok ikkje ei heilt uvanleg oppfatning av vikingsamfunnet og norrøn tid, men forskarar og historikarar har gjennom genetiske analysar påvist at den er feilaktig. Det var stort mangfald, både genetisk og kulturelt, også i norrøn tid.

Refleksjonsoppgåve:

Kvar synest de grensene går mellom bruk og misbruk av historia?

Kilde

Ringgaard, A. (2020, 17. september). Rekordstor kartlegging av viking-DNA viser at mange hadde mørkt hår og sør-europeiske gener. forskning.no. https://forskning.no/dna-genetikk-vikingtiden/rekordstor-kartlegging-av-viking-dna-viser-at-mange-hadde-morkt-har-og-sor-europeiske-gener/1743402

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Historiesyn og bruk av historia