Hopp til innhald

Fagstoff

Fortida i notidsperspektiv

Finst det eit objektivt blikk på historia, eller er vi alle dømde til å forstå eller misforstå fortida med våre eigne verdiar, oppfatningar og omgrep?
Eit tre eller to ansikt som står vende mot kvarandre. Illustrasjon.

Det er ikkje alltid så lett å forstå kvifor andre menneske har heilt andre tankar, meiningar og oppfatningar enn våre eigne.

Du kjenner heilt sikkert til nokon som har heilt anna forståing av våre dagars store spørsmål - om det no er klima, innvandring, ruspolitikk eller kjønnsmangfald - enn du sjølv har. Kanskje ser dei problem der du ser moglegheiter, dømmer der du applauderer, eller omvendt?

Og viss du opplever at det kan vere vanskeleg å bli einig om korleis vi skal forstå prosessar som går i dag føre seg, tenk då så vanskeleg det er å bli einig om korleis vi skal forstå menneske, prosessar og hendingar som skjedde for hundre eller tusenvis av år sidan.

Det historiske blikket

Sidan det moderne historiefaget etablerte seg tidleg på 1800-talet, har historikarar strevd etter å skrive historia så sann og truverdig som i det heile mogleg. På midten av 1800-talet tenkte mange historikarar at det ideelt sett burde vere mogleg å skrive historia fullstendig "slik som ho eigentleg var" dersom ein berre studerte kjeldene nøye og objektivt nok. Historiefaget burde fungere på same måte som naturvitskapane.

Seinare vart historikarar stadig meir medvitne om at dei nødvendigvis las kjeldene med sitt eige blikk - eller sine eigne - og at det var ei vanskeleg, om ikkje umogleg, øving fullstendig å sleppe unna eigne oppfatningar, førespeglingar og verdiar i møte med dei historiske kjeldene.

Sidan den gong har det vore vanleg å snakke om historiske framstillingar som ei samansmelting mellom blikket til ein historikar og eit utval historiske kjelder. Verdsoppfatninga til historikaren vil uunngåeleg - i større eller mindre grad - påverke korleis forteljinga blir skriven. Det er ikkje lenger mange som trur det finst ei heilt objektiv og 100 % rett framstilling av historia. I dag er dei fleste einige om at det alltid vil finnast mange perspektiv på historiske hendingar. Idealet for historikarar er å skrive så påliteleg og truverdig som mogleg, men som regel vil det finnast ei rekkje faglege, likeverdige oppfatningar av korleis og kvifor noko skjedde, korleis og kvifor verda har vorte som ho har vorte.

Dette er det viktig for alle som les historiske framstillingar, å vere klar over.

Historiske sammensmeltninger

Smelta stål i eit støyperi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Som ein generell regel er det nok enklare å avsløre at historikarar har vore påverka av sine eigne verdsbilete jo lenger bakover i tid verkt har vorte skrive, eller jo meir distanse vi har til dette verdsbiletet sjølv.

Vi les til dømes tidlege 1900-talshistorikarar som skriv verdshistoria som ei lang forteljing om kvifor England var lagnadsbestemt til å bli det mektigaste imperiet i verdshistoria, og kanskje også til å leggje mindre siviliserte folk og samfunn under seg. Då er det enkelt å humre ironisk over at den same historikaren hadde ein framståande, privilegert posisjon i det engelske 1900-talssamfunnet, og over kor blind historikaren ser ut til å ha vore for sine eigne fordommar.

Men også kritiske historieframstillingar vil ha lett for å gjere vurderingar av menneska og hendingane i fortida basert på samtidige ideal.

Kristne mellomalderskribentar fordømde ofte filosofane i antikken for å ha seksuelle relasjonar med unge menn. I mellomalderen vart homofili oppfatta som ei synd. Men "homofili" var ikkje ein kategori som menneska i antikken tok omsyn til - det var ikkje vanleg å tenkje at menneske anten var heterofile eller homofile i antikken. I seksuelle relasjonar skilde dei i antikken berre mellom "aktiv" og "passiv" part, kjønn hadde ikkje noka særleg betydning. Menneska i antikken hadde heller inga førestilling om "å leve i synd", slik dei kristne europeiske mellomaldermenneska hadde.

På same måte vil mange av oss i dag igjen fordømme europeiske mellomaldersamfunn der homofili vart oppfatta som noko syndig, fordi vi er opptekne av toleranse og mangfald av kjønn og seksualitet. Men også her kan det vere eit problem at vi ikkje lenger har noko utbreidd omgrep om synd, eller om at det finst ein religiøs verdsorden. Og mellomaldermenneska hadde naturleg nok heller ikkje noka førestilling om at det fanst noko positivt mangfald av kjønn og seksualitet.

Kan vi vurdere menneska i fortida ut frå dagens premissar?

Dei fleste er einige om at det er bra at samfunnet vårt har ei meir positiv haldning til likestilling, rasisme og kjønnsmangfald enn det tidlegare samfunnet som regel har hatt.

Eit anna spørsmål er om det alltid er rett å vurdere eller dømme menneska i fortida ut frå oppfatningar og problemstillingar som kanskje ikkje eksisterte for dei.

Til refleksjon:

"Kjønnsmangfald" er eit døme på eit veldig moderne omgrep.

Er det rimeleg å kritisere menneske som levde før omgrepet vart introdusert, for ikkje å respektere kjønnsmangfaldet?

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2022

Læringsressursar

Historiesyn og bruk av historia