Imperialisme i Asia
Kartet gir deg ei oversikt over imperium og koloniar i verda i 1914, før første verdskrigen. Klikk på boksen i høgre hjørne på kartet for å få det i fullskjerm. Deretter klikkar du på informasjonspunkta for å få ei kort oversikt over dei viktigaste kolonimaktene i Asia.
Vi kallar ofte perioden 1870–1914 imperialismens tidsalder, eller nyimperialismen. Kva skil denne perioden frå tidlegare periodar med kolonisering?
Jobb saman i små grupper, og vel eit område i Asia som vart kolonisert på 1800-talet. Bruk kartet ovanfor som inspirasjon. De skal så lage ein presentasjon der de svarer på følgjande spørsmål:
Kvifor la kolonimakta dette landområdet under seg?
Kva konsekvensar fekk koloniseringa for menneske og samfunn i det området som vart kolonisert?
Her er nokre underspørsmål som kan vere nyttig når de undersøkjer emnet:
Kva kolonimakt etablerte seg her? Var det fleire?
Kvifor var nettopp dette området interessant for kolonimakta?
Korleis påverka koloniseringa befolkninga og den lokale kulturen i det valde området?
Fekk koloniseringa nokon negative konsekvensar for kolonimakta på kort eller lang sikt? Var det nokon positive konsekvensar?
Når vart det valde området avkolonisert? Korleis skjedde det?
Korleis går det med det valde området i dag?
Relatert innhald
For å forstå kvifor imperialismen kunne skje i tidsrommet 1870–1914, er det viktig å gjere seg kjend med nokre av føresetnadene for imperialismen.