Imperialisme: årsaker og konsekvensar
Sjå på biletet ovanfor. Kva trur du Rudyard Kipling meinte med "den kvite manns byrde"?
Korleis kan vi forklare det sterke europeiske ønsket om kontroll med oversjøiske område på 1800-talet?
Kva kan tankegangen europearane hadde på 1800-talet, fortelje oss om det menneskesynet dei hadde om seg sjølve, og kva seier det om synet på ikkje-europearar?
Sjå for deg at europearane i denne perioden hadde sett på menneske med ikkje-europeisk bakgrunn som likeverdige. Kva konsekvensar kunne det ha fått for den globale utviklinga i perioden 1870–1914?
Er det mogleg å påstå at kulturmøta på 1800-talet hadde både positive og negative konsekvensar for landa som vart utsette for imperialisme?
- Korleis kunne verda ha sett ut i dag dersom europearane ikkje hadde søkt ut over Europas grenser for å sikre seg politisk, økonomisk og kulturell kontroll i andre delar av verda?
Kva meiner du er årsaka til at fordelinga av dei globale ressursane er så skeiv som ho er i dag?