Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Velferdsutvikling og velferdsstat

Korleis var det å leve i Noreg for hundre år sidan? Kva forandra seg utover på 1900-talet? I denne oppgåva skal du mellom anna førestille deg korleis det var å leve for litt over hundre år sidan og også sjå på kva velferdsutviklinga hadde å seie for folks liv.
Åtte småungar framfor ein uthusvegg i ein bakgard. Miljøet verkar fattigsleg. 1920-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sett deg inn i korleis levestandarden var for folk rundt år 1900.

Du skal no førestille deg at du er ein ungdom som lever i 1910. Ta gjerne utgangspunkt i der du bur i dag.

  • Korleis er kvardagen?

  • Kva gleder og bekymringar har du?

  • Kva håp har du for framtida?

Du kan gjere nokre val av andre ting som det kan vere aktuelt å tenke over:

  • kjønn

  • alder

  • sosial status

  • bustad

Relevante kjelder:

Å bruke folketeljingane

Oversikt: Velferdsutviklinga i Noreg

Folketellingen 1910 på Digitalarkivet

Hvordan kom Norge ut av fattigdommen? på Norgeshistorie.no

Det kan også vere aktuelt å søke etter historiske bilete for å sjå korleis det faktisk var i den valde perioden. Historiske bilete kan du finne mellom anna på Digitalt Museum og på Digitalarkivets database med historiske foto.

Eit anna tips er å besøke dei lokale arkiva ( til dømes statsarkivet, kommunale arkiv, avisarkiv) for å finne stoff som kan fortelje deg om livet i Noreg og i regionen din i 1910.

Oppgåve 2

Med utgangspunkt i det du har lese om velferdsutviklinga i løpet av 1900-talet skal du først notere deg nokre sentrale stikkord, før du skal drøfte kva denne utviklinga betydde for folk flest.

  1. Levekåra på bygda blei betre, kvifor flytta likevel mange til byane? Diskutere to og to, og noter nokre stikkord som de bruker til diskusjon med resten av klassen.

  2. Kva var den historiske bakgrunnen for utviklinga av velferdsstaten? Noter nokre faktorar du meiner var viktige.

  3. Kvifor blei velferdsutbygginga kalla eit sosial sikringsnett? Noter sentrale stikkord for det.

  4. Drøft til slutt kva konsekvensar utviklinga av velferdsstaten hadde for liva til menneska.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2024

Læringsressursar

Velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet