Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: Velferdsutviklinga i Noreg

Når du har lese denne artikkelen, skal du ha lært korleis velferdsutviklinga i Noreg var på 1900-talet. Noreg blei rikare, og vi fekk også ein velferdsstat med trygdeordningar, som kunne hjelpe folk i ulike periodar av livet.
Nokre folk ute mellom bustadblokkene i drabantbyen. Det er murhus i tre etasjar med saltak. Til kvar leilegheit er det små balkongar. Ein einsleg bil er med på biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velferdsutvikling

Innbyggarane i Noreg opplevde enorm velstandsutvikling i løpet av 1900-talet. Dei fekk betre levekår og auka levestandard.

Velferdsutviklinga handla i stor grad om utviklinga av ein velferdsstat, der staten tok ansvar for at folk fekk støtte heile livet igjennom. Velferdsutvikling handlar dermed ikkje berre om betre levekår og auka levestandard, men også om ein tryggleik i arbeidsliv og privatliv som gjorde at folk fekk det litt betre på fleire område.

Utvikling frå slutten av 1800-talet

Sjølv om hovudinteressa vår i dette emnet er utviklinga på 1900-talet, er det viktig å sjå litt på bakgrunnen frå slutten av 1800-talet.

Levekåra auka betrakteleg allereie frå siste halvdel av 1800-talet. I perioden 1870–1914 var likevel mange fattige. Men med starten på eit meir moderne liv med ny teknologisk utvikling fekk folk det lettare både på arbeid og i heimane.

Den byrjande arbeidarrørsla jobba for auka tryggleik og betre lønnsvilkår for arbeidarane i industrien. Omtrent frå hundreårsskiftet blei arbeidet meir regulert, spesielt i byane og industristadene, samtidig som lønna auka.

Første mai-toget på Karl Johan. Ein av parolane har teksten "Likt arbeide lik løn" og viser ei teikning av ei kvinne og ein mann som gjer same arbeid, mens mannen får over dobbelt så godt betalt.  Berre menn går i toget. Det er mange tilskodarar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velferdsutvikling på 1900-talet

Både staten Noreg og nordmenn generelt opplevde stor velferdsutvikling i løpet av 1900-talet. Vi blei rikare. Ofte er det sagt at vi blei rike då vi fann olje, men Noreg låg godt an også frå byrjinga av 1900-talet. Samanlikna med andre land i Europa var Noreg rikt allereie då.

Det handla om vidare industrialisering og auka eksport både av industrivarer og andre varer. Og det handla om at fleire fekk utdanning, også kvinner. Kvinner blei no i større grad ein del av arbeidslivet, medan dei før hadde vore heimeverande med til dels store barneflokkar.

Det var sjølvsagt periodar på 1900-talet då velferd og levekår ikkje var like gode. Verdskrigane, også første verdskrigen, påverka Noreg på mange måtar, og mellomkrigstida var vanskeleg økonomisk.

Velferdsstat

Barn i bakgarden på ein såkalla gråbeingard på Tøyen i Oslo på slutten av 1920-talet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når vi snakkar om velferdsstaten, så snakkar vi ofte om sosial tryggleik frå vogge til grav. Ei slik utvikling, med ein heilskapleg tankegang, blei sett i verk i etterkrigstida. Bakteppet var den økonomiske krisa i 1930-åra, som gjorde at arbeid med nye sosiale løysingar blei igangsett både i USA, Storbritannia og i Norden.

Noreg var likevel tidleg ute med ulike sosiale reformer. Dei såkalla "Castbergske barnelover" kom allereie i 1915, og sikra mellom anna at barn fødde utanfor ekteskap fekk rett til arv og namn etter faren. Barn og mødrer utan bidrag frå faren fekk også rett til bidrag ved fødselen og seks månader framover. Dette var ein forløpar for barselpermisjon og barnetrygd.

Sjølv om det var vanskeleg økonomisk og politisk i mellomkrigstida, vedtok Stortinget lover om uføretrygd, utvida sjuketrygd og arbeidsløysetrygd.

I Noreg var ein svært påverka av Storbritannia og økonomen William Beveridge. Idéane derifrå gjaldt kamp mot fattigdom, sjukdom, dårlege buforhold og arbeidsløyse. I Noreg kom dette til uttrykk i politikken frå 1945 og "Fellesprogrammet", som var eit tverrpolitisk politisk program frå alle dei norske partia.

I løpet av 1950- og 60-talet fekk vi den velferdsstaten vi kjenner i dag. Målet var å sikre alle eit økonomisk tryggingsnett. I 1967 blei folketrygda innført. Det markerte gjennomføringa av velferdsstaten. Folketrygda tok opp i seg ulike tidlegare trygder som alderspensjon, arbeidsløysetrygd og uføretrygd, og det blei eit heilskapleg system rundt velferdsordningane.

Levestandard og livskvalitet

De nye velferdsordningane etter krigen gjorde at levestandarden relativt raskt auka for mange.

To vaksne og tre barn i eit trongt soverom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Regjeringane i Noreg etter andre verdskrigen meinte at dei store beløpa som velferdsprogramma kosta, var vel nytta pengar. "[D]et er penger som vi får mangedobbelt tilbake - gjennom større arbeidsevne, lykkelegere mennesker", heitte det i eit vedtaksdokument.

Resultata handla mellom anna om at dødelegheita blant spedbarn sokk til under ein tredjedel av kva ho hadde vore før krigen, og tuberkulose blei nærast urydda. Når det gjaldt bustader og heimar, fekk fleire betre plass, det gav betre levestandard og betre livskvalitet. På 1930-talet budde dei aller fleste i Oslo og Bergen på eit eller to rom. I 1970, derimot, budde over 80 prosent av befolkninga i leilegheiter der det var minst eit rom per person.

Med betre levestandard fekk folk også betre livskvalitet. Viss du har betre buforhold, ei lønn å handle mat for og betre helse, vil du også føle deg betre og vere meir fornøgd med stoda.

Tenk over

Korleis trur du det var å reise til byen for å skaffe seg jobb og ein stad å bu på byrjinga av 1900-talet? Kva slags heim var det mogleg for deg å få viss du skulle jobbe i industrien?

Kor stor trur du forskjellen er frå den gong til i dag?

Kjelder

Lange, E. (2015, 25. november). Trygghet og økt velferd. Norgeshistorie, Universitetet i Oslo. https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1801-trygghet-og-okt-velferd.html

Myhre, J. E. (2020, 2. november). Dagligliv og levekår. Norgeshistorie, Universitetet i Oslo. https://www.norgeshistorie.no/industrialisering-og-demokrati/1521-dagligliv-og-levekar.html

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2023

Læringsressursar

Velferdsutviklinga i Noreg på 1900-talet