Hopp til innhald

Fagstoff

Domestisering

Hundar, kattar, husdyr og planter har vorte genetisk forandra over generasjonar for å kunne leve saman med menneske.
Bryllupsfest frå mellomalderen. Det blir servert svane i heil fjørdrakt. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Domestisering - tilpassing til menneske

Domestisering er prosessen der ville planter og dyr blir genetisk tilpassa eit liv tett saman med menneske. Selektiv avl kan få fram gunstige trekk og eigenskapar i dyr og planter. Domestisering er ulikt frå å temje, sjølv om òg domestiserte dyr må .

Ein milepåle i historia til menneska

Domestisering av dyr og planter var eit vendepunkt for korleis menneske lever. Utan denne oppdaginga ville vi framleis vore jegerar og samlarar, og vi kunne ikkje vore bofaste og danna samfunn.

Før domestiseringa hadde menneska ingen idé om at det var mogleg å forandre eigenskapar hos dyr og planter. I dag er det sjølvsagt at frøet frå ei plante spirar og blir til ei ny plante av same slag. Var dette noko folk ikkje hadde skjønt tidlegare, og så plutseleg oppdaga dei det for mange tusen år sidan?

Husdyr og selskapsdyr

Den første arten som vart domestisert, var hunden. Det finst teikn på at menneska som hadde hundar, hadde betre overleving og helse. Nokon meiner at menneske aldri kunne laga sivilisasjonar utan dette viktige vendepunktet. Etter det har mange andre dyr vorte domestiserte, og menneska har byrja å halde dei som husdyr for transport, skinn, kjøt, mjølk, ull, selskap, skadedyrkontroll, honning og andre føremål. Les meir på sida om domestisering av dyr.

Tidslinje for domestisering av dyr. Frå hund i år 13 000 f.Kr. via sau, gris, hest, geit, storfe, høne, bie, katt, marsvin og kanin til hamster på 1930-talet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kulturplanter

Omtrent samtidig som sauen vart domestisert (rundt år 9000 f.Kr.), starta domestiseringa av planter. Dei første kulturplantene vart henta frå dei artane som fanst i nærleiken av buplassar. Blant dei eldste kulturplantene er bygg, kveite, ris, durra, lin, hamp, vindrue, te og eple. Yngre kulturplanter er kaffi, ananas, sukkerbete, tomat og vanilje.

Tidslinje for domestisering av planter. Frå erter og kveite i år 9000 f.Kr. via ris, poteter, mais, rug, epler, kakao og kaffi til jordbær på 1800-talet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyrking og foredling byrja truleg der plantearten lever naturleg i dag. Nokre område skil seg ut som viktige for kulturplanter: Midtausten, Sentral-Asia, India, Søraust-Asia, nordlege Kina, Aust-Afrika, middelhavsområdet, Mellom-Amerika og Peru.

Ved foredling har dei fleste kulturvekstar fjerna seg mykje frå utgangspunktet. Dei fleste vil ikkje kunne konkurrere i naturlege økosystem. Mesteparten av matproduksjonen i verda kjem frå berre om lag tjue domestiserte planteartar, men mange artar er i bruk òg til medisinske føremål.

Brassica er eit iaugefallande døme på potensialet i domestisering. Ulike delar av planta har utvikla seg til mange matplanter vi nyttar til dagleg.

Domestiserte planter og dyr gjorde at menneska kunne drive med landbruk. Kultivering av planter gav meir stabil og føreseieleg mattilgang og fleire menneske kunne bu tettare. Dei første byane i verda vart bygde der ein kunne kultivere planter. Menneska kunne gjere anna enn å jakte og sanke. Dei kunne byrje å reise, handle og vidareutvikle kulturen sin.

Korleis går domestisering føre seg?

Naturleg seleksjon er ein viktig del av domestiseringa, og det er noko menneske ikkje kan påverke. Til dømes kan vi ikkje påverke kva dyr som er i stand til å overleve og formeire seg i fangenskap. Ein annan prosess er kunstig seleksjon, der domestiserte artar blir selektivt avla over generasjonar. Gjennom naturleg og kunstig seleksjon oppstår artar som er genetisk forskjellige frå dei ville forfedrane sine og søskenbarn.

Dyr

Nærbilete av ulv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dyr utviklar trekk som gjer at dei passar betre til å leve i fangenskap og saman med menneske. Eit døme på trekk som har endra seg, er ontogenetisk utvikling, altså korleis dyra utviklar seg gjennom livet. Sosialiseringsperioden kan bli lengre og meir fleksibel, slik at dyra får meir tid i livet til å lære leik, kommunikasjon og sosiale evner. Då har vi endå større påverknadsmoglegheiter, fordi vi kan jobbe med å få kvart enkelt individ til å tilpasse seg livet med menneska. Kva domestiserte dyr har lang sosialiseringsperiode, samanlikna med dei ville forfedrane sine?

Planter

Planter rundt buplasser har vorte stelt, vatna og flytta på, før ein skjønte at dei òg kunne endrast. Kultiverte plantesortar har god smak, lengre haldbarheit og betre motstandsdugleik mot frost eller sjukdom. Variantar med ønskte eigenskapar blir foredla fram gjennom ved at vi berre avlar på planter og dyr som har dei ønskte eigenskapane.

Er domestisering bra eller dårleg?

Ein fordel med dyrehald er at dyr gjern om mat som vi menneske ikkje kan ete, til mat som vi kan ete. Gjødsling og dyrking bidreg til å gjere jorda meir fruktbar. Vi må ikkje gå langt eller flytte for å finne nok mat, men kan lage faste samfunn og bu på éin stad. Vi kan òg utnytte areal betre og utvikle ny teknologi og metodar. Mange opplever òg stor glede ved å arbeide med domestiserte dyr. Dyra kan få lengre levetid, fleire avkom, større vern frå rovdyr, betre ernæring og overleving i utfordrande klima.

Ei geit forandra livet mitt

Geiter vart domestiserte tidleg. Dei kunne klare seg på lite og utilgjengeleg mat og gi kjøt, mjølk, skinn, ull og gjødsel. Gjødsla vart nytta til å dyrke avlingar eller tørka og nytta som brensel. På kva måte kunne geita åleine endre livsgrunnlaget til ei familiegruppe av samlarar og jegerar?

Det finst òg utfordringar ved domestisering. Når vi framelskar nokre utvalde artar, blir det biologiske mangfaldet mindre og sjukdom kan spreie seg fortare. Når vi gjer oss avhengige av spesielle typar mat, er vi meir sårbare om noko skulle skje med akkurat den matkjelda. Levegrunnlaget blir sterkt avhengig av område, vatn og jord. Slik oppstår eigarskap og dermed òg konfliktar og krigar.

Dyra har mange fordelar med domestisering, men òg ulemper. Dei må leve i fangenskap, og det nye livet gir andre utfordringar for dyrevelferd. Dei kan bli i mindre stand til å flykte frå farar, og når menneske tek val om kva dyr som skal pare seg, kan dyra forandre seg så mykje fysisk og mentalt at det blir eit velferdsproblem.

Fransk bulldog. Kortsnutet hund som peser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Les vidare om domestisering av dyr. I oppgåver til domestisering kan du jobbe vidare med fordelar og ulemper ved domestisering.

Relatert innhald

For å kunne leve tett saman med menneske har dyr gått gjennom store genetiske forandringar. Korleis har dyra vorte domestiserte?

Gjennom det meste av menneska si historie har folk levd som jegerar og sankarar.

CC BY-SASkrive av Randi Helene Tillung.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2020

Læringsressursar

Berekraftig naturbruk