Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Når nokon går gjennom isen

Det er dramatisk viss du eller nokon du er i følgje med, går gjennom isen og ned i iskaldt vatn. Det er særleg dramatisk dersom det samtidig er kaldt i vêret. Veit du kva du kan gjere dersom ulykka er ute? Kva utstyr kan vere til hjelp?
Etn mann dreg seg opp av ei råk i isen ved hjelp av ispiggar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Går du gjennom isen, så kast deg bakover slik at du forhåpentleg kan unngå å gå under med heile kroppen. Prøv å halde hovudet over vatn.

Hyperventilering kan oppstå når kroppen får sjokk i det kalde vatnet, og av den grunn kan ein få panikk. Det viktigaste er derfor å vere konsentrert og å jobbe med å kontrollere pusten, ved å puste roleg med magen.

Har du på deg ski, bør du prøve å kome opp saman med skia. Ofte brest isen når du belastar han. Snu deg 180 gradar og beveg deg tilbake i den retninga du kom frå. Der veit du at isen er sterk nok til at du kan kome deg opp. Er du nær land, bevegar du deg kortaste veg mot land. Bruk ispiggane du har rundt halsen, til å dra deg opp med. Kniv eller ski-/isstaven eller noko anna du kan hogge ned i isen, kan òg brukast, men alle som ferdast på is, bør ha ispiggar. Gjer symjetak med beina og spark frå. Dra deg inn på isen mens du ligg på magen. Ål deg så langt innover på isen at han ikkje brest under deg, før du reiser deg opp. Det tek mykje krefter å falle gjennom mange gonger.

Du har ikkje mykje tid, så du må vere rask. Kroppen blir raskt nedkjølt. Ryk isen heile tida, kan du leggje skia eller isstavane oppå og løfte deg opp på desse. Ta av deg ryggsekken og legg han på isen. Klem han ned samtidig som du dreg deg opp.

Skulle du falle heilt under isen, kan det vere nyttig å vite at istaket over deg er kvitt, mens holet som du fall ned gjennom, er svart.

Når du har kome deg opp av vatnet, må du ta av deg dei våte kleda og kle på deg tørre. For å få opp varmen igjen må du halde deg i rørsle. Hopp eller spring så du får i gang blodomløpet. Søk ly og varme. Ring 113 dersom du treng hjelp.

Redde andre

Dersom ein i følgjet går gjennom, må de andre spreie dykk utover. Unngå å stå rett ved sida av kvarandre, ettersom det kan vise seg at isen er tynnare her enn de først trudde.

Jobb raskt! Den som har hamna i vatnet, blir raskt nedkjølt. Det er derfor viktig å ha redningsutstyr (kasteline/redningsline) tilgjengeleg i sekken.

Når andre går i vatnet, er dette det viktigaste du kan gjere:

  • ring etter hjelp (113)

  • kast ei kasteline bort til personen

  • få personen opp på trygg is

  • hjelp personen med å få på tørre klede

Gjer sikringstiltak dersom nokon skal bevege seg bortover mot den som har gått gjennom isen. Slike tiltak kan vere:

  • å åle deg utover isen

  • å sjekke istjukna undervegs

  • å fordele tyngda ved å leggje deg på eitt par ski, ei lang grein, ein stige eller liknande

  • å feste eit redningstau i den som beveger seg mot råka

Har de ikkje kasteline, bør de finne noko anna personen kan gripe tak i for å blir dregen opp. Det kan til dømes vere ei ski, ei lang grein eller klesplagg som blir bundne saman.

Ski eller andre lange stenger kan de òg leggje på iskanten slik at den som ligg i vatnet, kan leggje vekta si over på skia når han eller ho prøver å kome seg opp av råka.

Denne presentasjonen viser bilete av korleis ein person kan reddast ved hjelp av kasteline, isstav eller redningsbøye:

Når personen er trygt på land, må vedkomande få av alle våte klede og få på tørre, varme klede. Hjelp personen med å skifte og halde seg i aktivitet slik at varmen kjem tilbake i kroppen. Vurder om det er behov for førstehjelp. Her kan du lese om førstehjelp ved sterk nedkjøling (ndla.no).

Øving med kasteline

Øv deg på bruk av redningsutstyret før du dreg på tur.
Lag eit mål på bakken. Prøv å treff målet frå ulike avstandar med kastelina.

De kan gjere øvinga som ein konkurranse. Gi kvar deltakar eit visst tal kast, og gi poeng etter kor nære de treffer målet.

Hugselappen

Sikkerheitsutstyret erstattar aldri sunn fornuft, men kan vere til nytte etter at uhellet har skjedd.

Du kan ha hjelp av:

  • ispiggar i ei snor rundt halsen

  • ein kniv

  • skistavar med solide piggar
  • ein to til tre meter lang stav
  • ein redningsvest eller livbøye
  • eit tau med lodd i enden (kasteline)
  • ein lett båt som kan skyvast ut på isen

Sikkerheitsutstyret må kunne takast i bruk på kort varsel.

I løpet av få minutt er den eller dei som gjekk gjennom isen, svært nedkjølt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Tone Olavsdotter Mosebø og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021