Om faget (for læraren)
Faget naturbasert næringsaktivitet er utvikla i tråd med fagfornyinga 2020. Vi har teke utgangspunkt i både overordna og fagspesifikk del av læreplanen: kompetansemål, skildring av fagrelevans og sentrale verdiar, kjerneelement, tverrfaglege tema og grunnleggande ferdigheiter.
I faget finn du fagartiklar, filmar og utforskande og yrkesretta oppgåver. Her må du velje ut ressursar som passar til elevgruppa og til årsplanen til skulen. Naturbruksskulane i Noreg er veldig ulike med ulikt naturgrunnlag i nærområdet sitt og med ulike naturbruksnæringar som det blir tilbode praksis i. Noko av fagstoffet er meint å vere grunnleggande for alle, mens anna fagstoff vil variere etter kva slags naturbruksproduksjon skulen har øvingar i.
Naturgrunnlaget gir grunnleggande kunnskap om naturen som utgangspunktet for naturbruksnæringane i Noreg og er sterkt forankra i kjerneelementet "berekraftig bruk av natur".
Emnet Delta i samfunnsdebatten! dekker kompetansemålet om deltaking i samfunnsdebatten som profesjonell yrkesutøvar. Her er det mange ressursar om aktuelle problemstillingar rundt naturbruksnæringane og forvalting av naturressursar.
I mange av naturbruksyrka er det arbeidsoppgåver som blir utførte utandørs uavhengig av vêr og føre. Å kunne kle seg rett og vareta sikkerheita til seg sjølv og andre er viktig for å kunne gjere ein god jobb. I emnet Å jobbe ute er det ressursar om kart, kompass og GPS, påkleding og korleis ein ferdast på ein sikker måte.
Garden som arena for omsorg, læring og opplevingar handlar om korleis det kan utviklast tilleggsnæring på garden.
Naturbasert reiseliv og aktivitet handlar om å bli kjend med ulike naturbaserte aktivitetar og lære å utføre aktivitetar ute. Skal vi tilby opplevingar for andre, må vi kunne gjennomføre aktivitetane på ein sikker måte.
Førstehjelp inneheld filmar og oppgåver om mange tema innan førstehjelp. Ressursane er laga felles for fleire yrkesfag på NDLA.
Yrke innan naturbruk dekker kompetansemålet om å kunne beskrive ulike yrke innan naturbruk. Her er det yrkesportrett av alle naturbruksyrka og ressursar om det å velje yrke. Ressursane vil òg vere nyttige i samband med rettleiing av tiandeklassingar i utdanningsval.
Å starte eiga bedrift har ressursar som dekker ulike mål om næringsutvikling. Desse kan til dømes vere aktuelle ved bruk av elevbedrift.
Dokumentasjon og kvalitet inneheld malar for skriving av risikoanalyse, logg, dokumentasjonsverktøy og rapportar.
Dei to programfaga i naturbruk vg1 er knytte tett saman. Fleire av ressursane er merkte med kompetansemål på tvers av programfaga. Vi har valt å legge emnet Naturgrunnlaget i begge faga sidan naturressursane er utgangspunktet i begge fag.
Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema. Det er fleire casar her som er svært aktuelle å jobbe med i samarbeid med fellesfag, til dømes mennesket sitt forhold til naturen og klimaendringar.
Naturfag og programfaga på vg1 naturbruk har nokre samanfallande mål, og her kan det vere aktuelt med samarbeid mellom faga.
Metodane og tilnærmingane som er beskrivne i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa. Der ligg det ressursar for elevar som kan vere nyttige i læringsarbeidet, og ressursar for lærarar som kan komme godt med i planlegging av undervisning.
Naturbruk har ein del filmar som inngår i fagressursane. I tillegg minner vi om NDLA film. Her finn du dokumentarar, spelefilmar og undervisningsfilmar sorterte etter emne.
Vi ønsker å ha dialog med brukarane våre. Kom gjerne med innspel i Facebookgruppa NDLA naturbruk. Du kan òg bruke knappen "Spør NDLA" nedst på sidene våre dersom du har spørsmål eller innspel til innhaldet.