Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fordjupingsoppgåver om allemannsretten

Kva kan du om allemannsretten? Her finn du spørsmål om allemannsretten som du skal svare på.
Paragrafteikn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er forskjellen på innmark og utmark?
  2. Du er ute og padlar på elva Rotna, som går gjennom skogområda på Finnskogen. Kan du gå i land der du vil?
  3. Kristina og Marie er ute i skogen på fottur ein varm sommardag. Dei vert skikkelig sveitte og har lyst til å bada i ei tjørn dei kjem til. Kan dei bada fritt i denne tjørna?
  4. Simen og Anders elskar å stå på vasski. Dei bruker å leika seg på Mellomtjørna. Det er ei lita tjørn, ca. 200 meter brei og 500 meter lang. Har dei lov til å bruka motorbåt på dette vatnet?
  5. Er allemannsretten trua på nokon måte?
  6. I kva lov er allemannsretten lovfesta?
CC BY-SASkrive av Anne Budde Erichsen.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Friluftsliv og naturbasert reiseliv