Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeidsoppgåve om allemannsretten

Teksten nedanfor handlar om ungdommar som er ute på tur. Dei rir, fiskar, plukkar bær, køyrer motorsykkel og søv i telt. Jobb saman to og to, les gjennom teksten, og diskuter spørsmåla mellom avsnitta. Slå opp i brosjyren for å finne ut om ungdommane har lov til å gjere det dei gjer.
Raudt telt under spiss fjelltopp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om allemannsretten finn du i Brosjyre om allemannsretten (Miljødirektoratet).

Utmark og innmark

Martine og Tonje er ute og rir med hestane sine i skogen. Dei synest det er herleg å ri kvar dei vil i skogen. Det er november, snøen har enno ikkje kome, men det er tele i bakken og fint å ri. Plutseleg kjem Simen og Anders springande. Dei hadde gått over eit pløgd jorde då grunneigaren hadde jaga dei. Jentene har med grillpølser og drikke og lurer på om gutane vil vere med og lage bål og grille pølser.

  • Er det noko i dette avsnittet som ungdommane ikkje har lov til å gjere ut frå allemannsretten? Kva då?

Telting og molteplukking i utmark

Dei sit og koser seg med maten og stilla då kosen plutseleg blir broten av crossyklar på fri eksos som kjem køyrande på stien. Det er Vidar og Kristian. Dei liker å "crosse" ute i skogen, helst på stiar og traktorvegar. Begge elskar grillpølser og set seg ved bålet saman med dei andre. Dei fortel til dei andre at dei låg i dette skogområdet i august saman med nokre kameratar. Dei hadde lege der i tre netter, berre hundre meter frå ei hytte der det hadde vore nokre jenter med familien sin. Dag og Vegard hadde fiska og plukka molter. Dei hadde kjøpt fiskekort, så det var i orden. Men dei hadde ikkje spurt grunneigaren om å få lov til å plukke molter.

  • Kva seier allemannsretten om telting i utmark?
  • Kan ein slå opp telt der ein vil, eller er det avgrensingar?
  • Kan ein sove i telt på same stad i utmarka så lenge ein vil?
  • Er det naudsynt å spørje grunneigaren før ein plukkar molter i utmark?

Jakt i utmark og motorisert ferdsel

Medan dei sit og koser seg, kjem Kristina og Marie syklande på stien med terrengsyklane sine. Dei får òg smake grillpølser. Robin og Sondre er òg i området. Dei jaktar rådyr, og dei synest det er flott å kunne bruke utmarka til jakt utan å spørje grunneigaren. Gutane har akkurat skote eit rådyr, og dei kallar opp Ole Kristian og Kjell Arne på jaktradioen for å be dei kome med firhjulingane og hente det skotne rådyret. Alle er samde om at det er fint å kunne bruke utmarka til litt av kvart utan å spørje grunneigaren. – Det heiter allemannsretten, seier Tonje.

  • Kven kan jakte i utmarka?
  • Kva seier allemannsretten om motorisert ferdsel i utmarka?
CC BY-SASkrive av Anne Budde Erichsen.
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Friluftsliv og naturbasert reiseliv