Hopp til innhald

Steinsopp (varm)

  • 150 g grisk steinsopp (eller sjampinjong)
  • 1 dl nykokte, reinsa blåskjell, ev. 1 boks hermetiserte
  • 10 svarte oliven
  • 1 liten løk eller purre
  • 1 kvitløksbåt
  • 3 tomatar
  • 1 neve hakka persille
  • Olivenolje (eller annan matolje)
  • Raspa skal av ein halv sitron
  • Salt og pepper

Skjer løk/purre og kvitløk i tynne skiver. Skyll soppen og tørk den godt. Skjer den i tynne skiver. Skyll tomatane og skjer dei i bitar. Skjer oliven i skiver.
Hell 2-3 ss olje i ei gryte og la løk og kvitløk surre med i to minutt. Tilset tomat, sopp og oliven. Rør rundt og la det surre forsiktig i 10 minutt. Tilset deretter blåskjell, hakka persille, salt og pepper etter smak og raspa sitronskal. La alt trekkje under lok over svak varme i nokre minutt.
Fordel på fire tallerknar eller salatskåler. Servér med rista brød til.