Hopp til innhald
Fagartikkel

Hausting, næringsinnhald og bruksområde

Ville nyttevekstar, "etande ugras", har blitt ein trend i restaurantar og på hotell. Det er ei stadig aukande interesse for spiskammeret som ein finn i den norske naturen, og i mange miljø har det blitt ein trend å dra nytte av og hauste det som naturen gir.

Ville nyttevekstar

Kokkar på nokre av dei beste restaurantane og hotella i landet nyttar no ville vekstar i menyen sin. Privatpersonar haustar og sankar nyttevekstar frå naturen og sel råvarene til restaurantane. Sjølv om vekstsesongen er kort i Noreg, planlegg dei for hausten og vintermånadene og er derfor opptekne av å konservere nyttevekstane.

Bruksområde

I tillegg til at dei viltveksande plantane våre kan vere eigne rettar, er dei populære å nytte i

  • salatar
  • supper
  • stuingar
  • kaker
  • pestoar

Mange ville nyttevekstar er fantastiske erstatningar for butikkjøpte grønsaker og urter. Enkelte plantar kan vi nytte friske, mens andre må vi skrelle og forvelle for å ta bort bitterstoff.

Plukkar vi geitrams, kan vi nytte dei i staden for asparges, og vi kan lage pestoar av løvetann, skvallerkål og brennesle. Til salatar kan vi nytte surblad, groblad, matsyre, meldestokk, løvetann, vassarve og skvallerkål. Både brennesle og skvallerkål er gode å lage supper av. Andre plantar kan nyttast som krydderplantar og te.

Rett utanfor stovedøra vår finst det mange etande nyttevekstar som er gode erstatningar for butikkjøpte grønsaker. Ute i skog og mark kan vi fråtse i god og næringsrik mat.

Haustetidspunkt

Mange ville urter blir bitre, seige og trælete dersom ein plukkar dei for seint. Unge, ferske blad og skot smaker betre enn gamle. Bladurtene er dei første som kjem om våren. Det beste er å plukke dei blada som har stått i skuggen, då bitterstoffa, mellom anna i løvetann, kjem av sollyset og fotosyntesen. Når plantane har begynt å bløme, er det ofte for seint å nytte dei som matplante.

Vi bør ikkje nytte plantar som veks i veg- og åkerkantar, for dei kan vere ureina av eksos og sprøytemiddel.

Trygg og bærekraftig sanking

Ver sikker på kva du sankar, og ikkje smak på plantar du ikkje er heilt trygg på kva er. Plukk berre plantar som ser friske ut, og som veks i eit område som ser reint ut. Ver sikker på at du har lov til å plukke der du er, det kan vere restriksjonar i verna område.

Ikkje plukk alt som er i eit område, vi vil jo at det skal vekse meir til neste år. I tillegg treng òg dyrelivet sitt. Ikkje plukk røter.

Næringsinnhald

På grunn av varierande vekstvilkår er det vanskeleg å oppgi ei eksakt mengde av næringsstoff i plantane. Plantane veks på ulike stader og i forskjellige jordsmonn med ulike næringsverdiar.

Klima, som vekstsesong, temperatur og tilgang på vatn og sollys, påverkar næringsinnhaldet i ville plantar.

Dei fleste plantar har eit høgt innhald av vitamin C. Næringsinnhaldet elles varierer ein del, og mange av plantane inneheld meir eller mindre av vitamina A, B og K, og minerala jern, kalium, fosfor og kalsium. Plantane er òg gode kjelder til protein, stivelse og fiber.

Mange plantar inneheld mykje flavonoid. Flavonoid kan verke beskyttande mot kreft og hjarte- og karsjukdommar. Mange flavonoid blir kalla antioksidantar då dei vernar cellene mot frie radikalar og hindrar feittstoffa i cellene i å oksidere eller harskne.

CC BY-SA 4.0Skrive av Unni Kulhuset Granheim, Hege Resell Amdahl, Cathrine Stavnes og Martin Sveen.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2024