Hopp til innhald

Brenneslesuppe

Bruk små blad utan grov stilk. Dampkok først brennesla under lok i ca 10 minutter i ca 3 dl vatn. Slå ut kokevatnet.
Kok opp 1 liter vatn tilsett buljong/kraft. Lag jamning av 1 dl mjølk og 2 ss mjøl, og bland i buljongen, eller rasp ei rå potet oppi og la det koke ca 5 minutt. Hakk nesla i bitar og ha oppi suppa. Gje suppa eit oppkok.
Smak til med salt, pepper og muskat. Server med hardkokte egg og brød.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Uteskoleveven.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017