Kantarellsuppe
- 400-500 g friske, reinsa og snitta kantarellar
- (20-50 g tørka sopp, vatna ut i 30-60 minutt, bløytevatnet brukast)
- 3 raspa gulrøter
- 1 stor tomat
- 15 g margarin
- 1 liter hønsebuljong (av terning)
- 1/2-1 ts salt
- 1/4 ts støytt safran eller karri
Fres dei reinsa og snitta kantarellene med grønsakene eit par minutt i smelta margarin. (Dersom du brukar karri eller safran må du røre dette inn i margarinen først.) Spe med buljongen. La det heile syde under lok i ca. 20 minutt. Du kan gjerne tilsetje kronblad av ringblomst mot slutten av koketida. Smak til med salt.