Hopp til innhald

Tyttebærdrikk

  • 1 kg tyttebær
  • 1 liter vatn
  • 10 gram sitronsyre eller vinsyre
  • ca 350 gram sukker


Knus bæra og bland dei med vatn og syre. Rør godt om og la det stå eit døgn.

Sil av safta gjennom eit kjøkkenhandkle eller ei bærstrie. Tilset sukker og rør heilt til det løyser seg opp. Fyll safta på kalde flasker, skru på kork og oppbevar flaskene kaldt.

CC BY-NC-SA 4.0Skrive av Uteskoleveven.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017