Hopp til innhald

Fagstoff

Garn og tekstilfibrar

Ei av dei større oppfinningane til menneska er å lage tråd av fiber og bruke trådane til å skape tekstilar. Fibrane kan kome frå naturen eller bli framstilt kunstig. Sandnes Garn baserer produksjonen sin på naturfiber og satsar for fullt på produksjon av handstrikkegarn.

Garn

Garn er tekstilfibrar som er spunne saman til ein samanhengande, lang og jamn tråd. I filmen følgjer vi prosessen frå norsk ull til ferdig Fritidsgarn.

Kvaliteten og eigenskapane til garnet er avhengig av kva slags fiber som blir brukt. Ulike fibrar har ulik lengd, tjukn, elastisitet, krus og glans. I tillegg vil tjukna på garnet og kor hardt det er spunne, gi ulike kvalitetar. Kor parallelle fibrane i garnet er, har mykje å seie for eigenskapane til garnet.

Kardegarn

Kardegarn er garn som berre er karda og ikkje kjemt. Fibrane ligg ikkje parallelt, og det er oftast òg både korte og lange fiber i garnet. Når fibrane ligg på kryss og tvers, skaper det volum og gir garnet god isolasjonsevne. Kardegarn er lett, varmt og luftig og mykje brukt i dag.

Kamgarn

Kamgarn var meir brukt tidlegare. Dette garnet blir kjemt før spinning. Då forsvinn kortare fiber, og fibrane blir liggjande mest mogleg parallelt. Det isolerer ikkje så godt som kardegarn, for det er mindre luft mellom fibrane. Kamgarn er tungt og tett og dannar klare reine mønster ved tofarga strikk.

Kva slags fibrar er garnet laga av?

Naturfiber

Det ligg i ordet at naturfiber er henta frå naturen. Felles for naturfibrar er at dei tek lett opp fukt. (Då ser vi bort frå asbest som er ein helseskadeleg mineralfiber.)

Animalske fibrar

Animalske fibrar kjem frå dyr. Mest kjent er saueull, men vi lagar òg garn frå geiter og alpakkaer. Fibrane vi får frå dyrehår består av protein. Fibrane har ei ujamn og ru overflate med små skjelceller som ligg som takstein.

Vegetabilske fibrar

Vegetabilske fibrar blir framstilte av planter som til dømes bomull og lin.

Garn med bomull-, lin og viskosetrådar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kunstfibrar

Felles for kunstfibrar er at dei er kunstig framstilte. Viskose blir til dømes laga kjemisk av cellulose frå tre.

Syntetiske fibrar

Syntetiske fibrar er ei samlenemning for fibrar som blir framstilte syntetisk med råolje som viktigaste råstoff. Desse fibrane er ikkje nedbrytbare. Dei syntetiske fibrane luktar fort sveitte og må vaskast ofte. Med tanke på miljøet bør vi erstatte syntetiske fibrar med naturfibrar.

Nærbilete av polyesterfiber i raudt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelde

Klepp, I. G. (2020, 30. september). Garn. Store norske leksikon. https://snl.no/garn

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2022

Læringsressursar

Materiallære