Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eigenskapar og bruksområde til tekstile materiale

Tekstilfibrar kan kome frå naturen eller bli framstilt kunstig. Set deg inn i kva eigenskapar ulike materiale kan ha. Korleis påverkar dette bruksområdet? Finn meir informasjon på NDLA og andre nettressursar, og lag eit materialkart som beskriv og visualiserer ulike tekstilfibrar.
  1. Lag ei oversikt over kva materiale du skal dokumentere. Bruk eit digitalt oppsett, til dømes ein tabell, der du planlegg å plassere både skriftleg tekst, bilete og materialprøver. Skriv namnet på materialet som overskrift i kvar rute.

  2. Leit etter gode visualiseringar av materialet. Bruk tilgjengelege bilete henta frå nettet eller eigne foto. Plasser fotoet i ruta med overskrift. Teikn gjerne fiberen i tillegg til foto.

  3. Skriv med eigne ord om eigenskapane til materialet og korleis dette har samanheng med bruksområdet. Kva blir materialet brukt til, og kvifor?

  4. Kva uttrykk kan dette materialet ha? Vis gjerne med foto noko av tekstur og oppbygning materialet har i eit produkt, til dømes ein genser som er strikka. Her kan du bruke foto både av produktet og nærbilete av strukturen og maskene.

  5. Lim inn ei fysisk materialprøve i same rute.

Grå og sorte fibrar i alpakkagarn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Relatert innhald

Tekstil er eit felles namn på tøy og produkt som blir laga ved å bruke tråd eller garn.

Tekstilfibrar kan kome frå naturen eller bli framstilt kunstig. Lær meir om garnproduksjon og ulike garnkvalitetar.

CC BY-SASkrive av Liv Inger Espedal.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Materiallære