Hopp til innhald

Fagstoff

Teknikkar i skisseteikning

Å kunne lage raske, enkle skisser er viktig i designprosessen. Det handlar om å kunne forenkle motivet og få fram det som er vesentleg for idéen din. Gode reiskapar og eit riktig grep på blyanten høyrer med når du lagar skisseteikningar.
Skisser av sofaer og stolar. Teikning.

Prosess

Å teikne er den raskaste måten å gjere idéane dine synlege på. Ein god skisseprosess byrjar gjerne med at du skisserer grove former med lett hand på blyanten. Bruk såg eit hardare trykk for å gjere dei skissestrekane du liker, tydelege. Til slutt kan du markere linjene med ein tusj. Det er lurt å ha markerte strekar dersom du skal skanne skissa og jobbe vidare med den digitalt.

Å forenkle systematisk

Ei skisse handlar om å beskrive noko visuelt med strekar og linjer, på ein enkel måte. Kva hovudlinjer må med, kva er vesentlege detaljar, og korleis skal motivet forenklast?

I starten kan det vere smart å bruke litt tid på å få på plass og bli komfortabel med sin eigen skisseteknikk. Hugs at øving gjer meister!

Skisser av seks ulike skotypar. Teikning.

Bruk av blyant

Blyantar

Blyantar finst i ulike hardleiksgrader. H står for hard og B for blaut. HB har middels hardleik. Jo høgare talet føre B er, jo mjukare er blyet. 8B blir rekna som den mjukaste blyanten. Den lagar ein tjukk og mørk strek og er fin å bruke til skuggelegging. Harde blyantar lagar tynnare, meir presise strekar.

Blyant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trykk på blyanten

Lær deg å vere lett på handa. Ei skisse består av mange "søkjande" strekar. Då finn du etter kvart forma, og då kan du understreke utviklinga i skissa gjennom å trykkje litt hardare der forma skal vere.

Ikkje ha for mykje vinkel på blyanten når du aukar trykket, for då knekk spissen lettare.

Streklengde

Lange rørsler tek lengre tid og bruker meir bly og blekk. Det aukar òg faren for slitasje i ledd som skulder og olboge. Lag heller små skisser, ikkje lengre enn det handleddet når.


Hand som grip ein blyant. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handrørsle

Kjenner du etter, merkar du at det er lettare å røre handa og blyanten i nokre retningar enn i andre. Derfor kan du bruke den andre handa, som ikkje skisserer, til å rotere arket. Slik vil teiknehanda gå i «riktig» retning heile tida.

Det er enklare å røre handa i alle retningane dersom strekane er korte.

Dette understrekar kor mykje enklare det er å skissere smått. Held du lenger bak på blyanten, er det enklare å lage lengre strekar. Skal du derimot jobbe med detaljar, held du nærmare spissen. Men hugs å ikkje hengje deg opp i for mange detaljar under skisse-prosessen.

Hjelpestrekar ved skisser i perspektiv

Hus teikna i trepunktsperspektiv. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skal du lage skisser i perspektiv, er det smart å teikne hjelpelinjer for å få objektet til å bli riktig.

Då er det smart å øve seg på ting som er firkanta eller rektangulære i forma.

Etter kvart kan du prøve deg på objekt som har sylinder- og sirkelformer.

Tips til slutt

Om korleis og kvifor skissere:

  • Små skisser går raskare å lage, og du hengjer deg mindre opp i detaljar.
  • Det er viktig at skissene er raske å teikne.
  • Rett merksemda di direkte på det du skisser med blyantspissen.
  • Når du skisserer, er det lettare å sjå kommande problem.
  • Ofte får du betre idéar mens du lagar skisser. Andre kan dessutan kome med tilbakemeldingar som gjer at du kan lage nye og betre skisser.
CC BY-SASkrive av Per Henning Olsen, Albertine Aaberge og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Teikning