Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tekniske teikneøvingar

Grunnleggande øvingar hjelper deg til å trene opp og halde ved like teikneferdigheitene dine. Øv på å la auget følge handa heile tida. Då vil kontrollen og nøyaktigheita blir etter kvart forbetra.
To hender som grip ein blyant på to ulike måtar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving gjer meister

I desse øvingane skal du konsentrere deg om å ha kontroll på handa di mens du teiknar. Jo meir du trenar, jo sikrare blir strekane dine. Samtidig blir auget ditt flinkare til å vurdere avstand og form.

1. Grunnfigurar

Teikn enkeltståande figurar. Løft blyanten minst mogleg frå arket:

Ein raud spiral teikna med lik avstand mellom linjene i retning mot klokka. Illustrasjon.
  • eit punkt

  • ei linje
  • ei linje
  • ei diagonal (skråstilt) linje
  • ein sirkel
  • ein likesida trekant
  • eit kvadrat
  • ei femtakka stjerne
  • ein spiral med lik avstand mellom kvar ring

Gjenta øvingane. Teikn spiralane både med og mot klokka.

2. Kvadrat

Teikn fem kvadrat utan omriss. På det første nyttar du punkt, på dei fire andre linjer. Avstanden mellom dei skal vere lik. Nærleiken mellom punkt eller linjer skaper eit inntrykk av firkanta former.

  1. Bruk rekker med punkt til å ramme inn eit kvadrat.
  2. Skap kvadrat i mellomrommet, først med vertikale linjer og så med horisontale linjer.

  3. Teikn dei to siste kvadrata med diagonale linjer, men i kvar si retning.

Fem kvadrat. Eit kvadrat er teikna med punkt, og fire kvadrat er danna i mellomrommet mellom vertikale, horisontale og diagonale strekar. Blyantteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3. Sirklar og ellipsar

  1. Teikn sirklar. Mange sirklar. La den neste bli meir jamn og rund enn den førre for kvar gong.

Raud ellipse. Illustrasjon.
  1. Ein annan variant er ellipsar. Sidan han er basert på sirkelen, har han verken knekkpunkt eller heilt rette linjestykke nokon stad. Gå frå ein heil sirkel og teikn meir og meir ovale, slik at det ser ut som om sirkelen blir klemd saman.

4. Tredimensjonale sirklar

Ein sirkel i perspektiv ser ut som ein skråstilt ellipse på papiret.

  1. Start med å teikne eit kvadrat i perspektiv. Pass på at det blir visuelt rett i 3D. Om ein ser på det som 2D, er det tilnærma likt ei rombeform. Forskjellen er at to og to parallelle sider eigentleg går mot kvart sitt forsvinningspunkt i horisonten.
  2. Marker midtpunkta på kvar side.
  3. Teikn ein og ein boge mellom kvart midtpunkt. Bogen går parallelt med sidene i midtpunkta. Om han ikkje gjer det, blir det skapt eit knekkpunkt.
Sirkel teikna i perspektiv. Blyantteikning.

Bogane kan bli endå meir nøyaktige ved å teikne inn diagonalane i kvadratet.

  1. Teikn ein ny firkant (visuelt kvadrat).
  2. Teikn inn dei to diagonalane frå hjørna.
  3. Teikn midtaksane som går frå side til side. Dei to aksane går gjennom sentrum der diagonalane møtest. Midtaksane markerer midtpunkta på kvar side.
  4. Teikn den første bogen.
  5. Trekk rette linjer som visuelt går parallelt med sidene på firkanten, frå der bogen kryssar diagonalen, slik at det blir ein ny firkant inni den første.
  6. Teikn resten av sirkelen. Pass på at bogane går parallelt med sidene på den ytre firkanten, mens dei kryssar diagonalane vinkelrett på hjørna av den indre firkanten.
CC BY-SASkrive av Øystein Johan Østby. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 19.09.2022

Læringsressursar

Teikning