Hopp til innhald

Fagstoff

Slikkar

Slikkar er flytande leire som ein bruker til å lime saman delar av fuktig eller lêrhard leire. Slikkar blir laga ved å knuse tørr leire og løyse det opp i vatn. I filmen viser Åsne Raaen Solheim korleis du kan lage slikkar på ein enkel måte.

Slikkar fungerer som lim

Når du skal føye saman to delar med lerhard leire, rissar du kontaktflata til dei ulike delane, penslar på slikkar og set dei saman.

Ein firkanta boks i leire blir sett saman. Eit glas med slikkar står ved sida av. Foto.
CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Materiallære