Hopp til innhald

Fagstoff

Leire

Leire er eit plastisk materiale. Du kan forme ho med hendene eller ulike verktøy mens ho er våt. Når leira er tørka og brunnen, blir ho til keramikk. Leire blir brukt til å lage bruksgjenstandar, skulpturar og annan kunst.
Keramikkskulptur framom eit relieff som er laga i steingods, måla med porselensmåling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Leire

Stilisert kvinnekropp. Skulptur.

Leire er eit plastisk materiale som har vorte brukt til å lage bruksgjenstandar og skulpturar i fleire tusen år. Det eldste keramiske funnet er skulpturen Venus frå Dolni Vestonice, som er frå mellom 29 000 og 25 000 år før vår tidsrekning.

Leire blir òg brukt til murstein, vegg- og golvfliser, musikkinstrument og baderomsinstallasjonar. Du kan forme leire med hendene eller ulike verktøy mens ho er våt. Når leira er tørka og brunnen, vitrifiserer ho og blir til hard keramikk.

Teknikkar

Du kan forme leira ut frå ein klump, rulle pølser og setje oppå kvarandre, trykkje ut leira i ulike former eller kjevle ut plater og setje saman. Du kan òg støype med flytande leire eller porselen.

I emnet keramiske teknikkar på ndla.no finn du ulike instruksjonsfilmar.

Hender formar ein knipebolle i leire. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den keramiske prosessen

Den keramiske prosessen har mange stadium. Så lenge leira er våt eller lêrhard, kan du forme materialet. Når du har gitt form til eit produkt og materialet er tørt, blir det brent i keramikkomnen. Denne første runden i omnen kallast råbrann og har ein temperatur på mellom 900 og 1100 grader.

Keramiske produkt med turkis dekor står utstilte på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dekor

Det finst tallause metodar for å dekorere keramikk. Du kan risse inn eller presse ting inn i leira for å gi den tekstur, og du kan bruke begitning, oksid, underglasur eller glasur for å gi leira ulike fargar. Glasur kan vere gjennomsiktig eller farga og inneheld råmateriale som gir keramikken ein vassfast og ofte glasaktig overflate. Når leira har vorte glasert, må ho brennast igjen. Temperaturen på glasurbrannen avheng av kva slags leire og glasur ein bruker, og ligg vanlegvis på mellom 1000 og 1300 grader.

Ulike leiretypar

Leire er finkorna jord. Leira vi nyttar når vi lagar keramikk, er omarbeidd i ein lengre prosess med ulike maskiner. Vi skil mellom tre ulike typar leire: leirgods, steingods og porselen. Desse har ulike samansetjingar av mineral og blir brende på ulike temperaturar. Leirgods toler mindre varme enn steingods og porselen. Dei leiretypane som toler høgast varme, forvitrar mest og blir hardare og meir slitesterke. Steingods og porselen smeltar saman under brenninga. Dette gjer at godset blir vasstett òg utan glasur.

Abstrakt skulptur i steingods og porselen. Foto.

Leirgods

Leirgods er leire som blir brend på låg temperatur, omkring 1000 °C. Etter brenning blir det porøst. Viss du vil at leirgods skal bli vasstett, må du glasere. Blå- og raudleire er mykje brukt, men leirgods finst òg som kvit- og svartleire.

Keramikkvasar med ulike former. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Steingods

Steingods er ei lys leire som blir brend med høg temperatur, vanlegvis mellom 1200 til 1350 °C.

Keramikkskulptur med organiske former. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Porselen

Porselen har den finaste kvaliteten. Det blir transparent når det er tynt og blir brent opp mot 1300 °C.

Gjentaking av eit formelement. Relieff i porselen med bruk av ulike glasurar.

Relatert innhald

Leire er eit materiale som har vert brukt i tusenvis av år, men kva har du lært om det?

Du kan forme leire ut ifrå ein klump, rulle pølser og setje oppå kvarandre, kjevle ut plater og setje saman, eller du kan støype med flytande leire.

CC BY-SASkrive av Åsne Raaen Solheim, Iselin Myklebust og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2021

Læringsressursar

Materiallære