Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Hent data frå ei JSON-fil

I denne oppgåva skal du lage ei nettside som hentar informasjon frå ei JSON-fil.
Ung kvinne står ute blant mange telt, ho rekker tunge til kameraet og viser djevelhornteikn med den eine handa. Foto.

Før du startar med oppgåvene, bør du lese artikkelen "JSON".

Martine er veldig musikkinteressert. Ho vil lage ei nettside der ho kvar veke deler fem songar ho liker, og skriv litt om artistane og ei lita melding av kvar song. For at ho skal sleppe å redigere kjeldekoden til nettsida kvar veke, vil ho legge inn informasjon om songane i ei JSON-fil. Då treng ho berre å redigere JSON-fila når ho skal legge til nye songar.

Nettsida skal ha ei liste med "songar denne veka", informasjon om kvar song (til dømes sjanger, varigheit, album), ei kort beskriving av artisten og ei melding av songen. Det skal òg vere med ei lenke eller ei innbygging (til dømes frå Spotify eller YouTube) der brukaren kan høyre songen.

Ekstraoppgåve

Martine vil ha òg ha eit arkiv på nettsida der alle songane ho har delt tidlegare, blir viste. Dette kan anten vere nedst på sida eller på ei eiga nettside. Ho vil at alle songane skal lagrast i ei enkelt JSON-fil, slik at dei fem øvste songane i fila kjem opp i "Songane denne veka" og alle songane under kjem opp i arkivet.

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 09.06.2022

Læringsressursar

Objektorientert programmering