Hopp til innhald

Fagstoff

Subklassar og arv

Arv og subklassar er ein viktig del av objektorientert programmering. Dette gjer at vi kan ha fleire variantar av eit objekt som oppfører seg likt på mange måtar, men som har sine eigne særeigenheiter.
Mange bilar i fargane raud, svart og kvit på rekke og rad. Foto.

Nokre gonger har vi behov for å ha fleire variantar av eit objekt. I klassen Bil, som vi oppretta i artikkelen "Objekt og klassar", vil vi kanskje òg legge til moglegheita for å legge inn elbilar, og då treng vi gjerne litt meir informasjon, som batterikapasitet og batteristatus. Desse objektvariablane vil ikkje vere relevante for fossildrivne bilar. Då kan vi lage ein annan variant av klassen Bil, som vi kallar Elbil. Denne klassen kan ha alle dei same objektvariablane og metodane som klassen Bil, men vil i tillegg ha sine eigne objektvariablar og metodar. Vi kan opprette denne nye klassen som ein subklasse av klassen Bil, slik:

js

1class Elbil extends Bil {
2
3  constructor(bilmerke, modell, farge, toppfart, 
4    fart, batterikapasitet, batteristatus) {
5    super(bilmerke, modell, farge, toppfart, fart);
6    this.batterikapasitet = batterikapasitet;
7    this.batteristatus = batteristatus;
8  }
9  
10  lading() {
11    this.batteristatus = this.batteristatus + 10;
12  }
13  
14}
Grøn elbil til høgre og ein grøn ladekabel som ser ut som ein slange med løfta hovud, til venstre. Foto.

Vi kan sjå at Elbil er ein subklasse av Bil ved å sjå på den første linja, der det står class Elbil extends Bil. Dette betyr at Elbil er ei utviding av Bil. I første linje i konstruktøren hentar vi objektvariablane frå superklassen Bil, før vi set objektvariablane som er spesifikke for Elbil (batterikapasitet og batteristatus).

Vi lagar òg ein metode som er spesifikk for elbilar, nemleg lading. Elbil-klassen arvar alle andre metodar frå klassen Bil, så metodane presenter() og giGass() kan òg brukast med Elbil-objekt. Metoden lading() kan likevel ikkje brukast av Bil-objekt.

Vi kan lage ei liste med både Bil- og Elbil-objekt:

bilar-liste

1const bilar = [];
2bilar.push( new Bil("Porsche", "911", "svart", 290, 0) );                  //biler[0]
3bilar.push( new Bil("Ferrari", "F8 Spider", "raud", 340, 0) );             //biler[1]
4bilar.push( new Bil("Ford", "Mustang Mach 1", "blå", 270, 0) );            //biler[2]
5bilar.push( new Elbil("Ford", "Mustang Mach e", "grå", 180, 0, 68, 100) ); //biler[3]
6bilar.push( new Elbil("Tesla", "Model 3", "kvit", 260, 0, 50, 70) );       //biler[4]

Vi kan skrive ut informasjon om alle bilane med ei for-lykkje eller ei for...of-lykkje. Les meir om for...of-setningar på nettstaden MDN Web Docs.

js

1//for
2for(let i = 0; i < bilar.length; i++) {
3  console.log( bilar[i].presenter() );
4}
5
6//for...of
7for(let bil of bilar) {
8  console.log( bil.presenter() );
9}

Då blir presenter()-metoden køyrd frå Bil-klassen på alle objekta i lista, som skriv ut bilmerke, modell, farge, toppfart og noverande fart for alle bilane. Han skriv ikkje ut batterikapasitet eller ladestatus for elbilane, sidan dette er ikkje spesifisert i presenter()-metoden. Dersom vi endrar på presenter()-metoden i Bil-klassen for å ha med dette, vil vi få eit problem når vi skal presentere fossildrivne bilar, som ikkje har denne informasjonen. Løysinga blir å lage ein metode i subklassen Elbil, som skriv ut all informasjonen for elbilar.

presenter()-metode for elbil

1class Elbil extends Bil {
2
3  constructor(bilmerke, modell, farge, toppfart, 
4    fart, batterikapasitet, batteristatus) {
5    super(bilmerke, modell, farge, toppfart, fart);
6    this.batterikapasitet = batterikapasitet;
7    this.batteristatus = batteristatus;
8  }
9  
10  lading() {
11    this.batteristatus = this.batteristatus + 10;
12  }
13  
14  presenter() {
15    return `Denne bilen er ein ${this.farge} ${this.bilmerke} ${this.modell}, \
16med ein toppfart på ${this.toppfart} km/h og \
17batterikapasitet på ${this.batterikapasitet} kWh. \
18Akkurat no har han ein fart på ${this.fart} km/h, \
19og batteriet er lada ${this.batteristatus} %.`
20//Vi bruker linjeskift i koden for å betre lesbarheita.
21//Backslash \ bruker vi for å unngå at det blir linjeskift i utskrifta.
22  }
23
24}

console.log(bilar[4].presenter); vil då gi denne utskrifta:

Denne bilen er ein kvit Tesla Model 3, med ein toppfart på 260 km/h og batterikapasitet på 50 kWh. Akkurat no har han ein fart på 0 km/h, og batteriet er lada 70 %.

CC BY-SASkrive av Karl Arne Dalsaune.
Sist fagleg oppdatert 23.06.2022

Læringsressursar

Objektorientert programmering