Hopp til innhald

Fagstoff

Kva produserer vi i veksthusa våre?

Det er grønsaker som legg beslag på storparten av veksthusarealet i Noreg, men veksthus blir òg brukt til andre vekstgrupper. Vi har små og store veksthus spreidde rundt omkring i heile landet, men nokre fylke skil seg ut med eit veldig stort veksthusareal.
Inngangspartiet i eit gartneri. Foto.

Kva produserer vi i norske veksthus?

Nesten 82 prosent av veksthusarealet i Noreg blir brukt til produksjon av veksthusgrønsaker og prydplanter. Av grønsaker er det tomat og agurk som er dei to store produksjonane, men salat og krydderurter blir òg dyrka i stort omfang.

Klase med raude og grøne tomatar. Foto.

Prydplanter omfattar både snittblomstrar, som til dømes krysantemum, potteplanter, som julestjerne, og den gruppa vi omtaler som utplantingsplanter. Utplantingsplanter omfattar alt vi planter i urner og balkongkassar på våren, til dømes stemor, superpetunia, fløyelsblomstrar og mange fleire.

Lilla og gul blomster med vassdropar på. Foto.
Produksjonsverdi av veksthusproduksjonar 2023

Produksjon

Produksjonsverdi, mill. kroner

Tomat548
Agurk611
Andre grønsaker (salat, urter m.fl.)415
Potteplanter472
Snittblomstrar203
Utplantingsplanter

413

(Kjelde: S. Bøckman, Norsk Gartnerforbund, personleg kommunikasjon, 8. mars 2024)

Kvar i Noreg har vi veksthus?

Alle fylke i Noreg har veksthusproduksjon, men det er Rogaland og Oslo og Viken som er dei store veksthusfylka. Her finn vi godt over halvparten av alt veksthusarealet.

Kakediagram som viser fylkesvis veksthusareal i 2020. Rogaland står for nesten halvparten av det totale arealet, mens Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark har minst. Illustrasjon.

Frå små til store veksthus

Vi bygger stadig større veksthus. Det totale veksthusarealet i Noreg har vore ganske stabilt frå 1979 og fram til i dag, men mange små hus har blitt erstatta av få store. No består omkring 75 prosent av alt veksthusarealet i Noreg av hus som er 5000 m2 eller større. I 1979 var berre litt over 20 prosent så store.

Grafar som viser utviklinga av delen av det totale veksthusarealet i Noreg for talet på små, mellomstore og store jordbruksbedrifter frå 1979 fram til i dag. Tendensen viser klart at det totale talet kvadratmeter blir lagt til færre, men større bedrifter. Grafen viser òg at det totale veksthusarealet går svakt nedover i Noreg. Illustrasjon.

Kjelde

Statistisk sentralbyrå. (2021, 15. desember). Landbruksteljing. 13473: Jordbruksbedrifter med veksthus og veksthusareal, etter størrelsen på veksthusarealet (F) 1979–2020. https://www.ssb.no/statbank/table/13473

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Veksthus