Hopp til innhald

Fagstoff

Veksthustypar

Det finst fleire veksthustypar, og både form, konstruksjon og materialbruk varierer. Kva som eignar seg best for deg, kjem an på kva du skal dyrke, arealet du treng, og om du skal ha heilårsproduksjon eller berre bruke huset i sommarhalvåret. I tillegg vil kostnadene sjølvsagt ha noko å seie.
Drivhus med granplanter. Foto.

Kva skal du dyrke?

Nokre kulturar, som agurk eller tomat, krev høg rafthøgde. Rafthøgde er høgda frå golvet og opp til der taket begynner på langsidene på veksthuset. Skal du til dømes dyrke julestjerner, kan rafthøgda vere lågare.

Frittståande veksthus eller blokkhus

Du kan velje eit frittståande hus eller blokkhus. Blokkhus er vanlegvis berre eit alternativ når det er snakk om store veksthusareal. Utanfrå ser det ut som eit blokkhus er mange små veksthus sette inntil kvarandre, men når vi kjem inn, ser vi at det er ei stor flate under eitt tak.

Dei frittståande veksthusa utnyttar det naturlege lyset best. Likevel ser vi at store veksthus som oftast blir bygde som blokkhus, og dette skyldest at dei er billigare å bygge og meir rasjonelle i bruk.

Stort veksthus med mange langsgåande møne. Foto.

Plassering av veksthuset

Veksthuset bør plasserast slik at det fangar opp mest mogleg lys gjennom heile året. I Noreg er det ein fordel å legge frittståande hus i retning aust–vest, då utnyttar vi den låge vintersola best. Dessutan er det viktig å unngå at veksthuset hamnar i skuggen av andre hus, vegetasjon eller terreng.

Tekkemateriale

Eit veksthus skal sleppe inn mest mogleg naturleg lys og isolere godt. Tradisjonelt har glas vore mykje brukt i tak og veggar. Glas er relativt billig, det slepp gjennom mykje lys og er haldbart. I mange år har akrylplater vore vanleg, men på grunn av brannfaren blir ikkje dette tilrådd lenger. Alternativa som blir no tilrådde, er herda glas, ulike typar polykarbonat og plastfolie. Desse er ulike både i pris, kor mykje lys dei slepper inn, haldbarheit og isolasjonsevne. Planlegg du å bygge eit veksthus, må du setje deg inn i kva som kan eigne seg best for deg.

Form på veksthuset

Plasthus er oftast konstruert som bogehus. Bogehus er hus med ein enklare og billigare konstruksjon, der tak og vegg består av plastfolie eller bøyelege plastplater. Slike hus har ofte enkel oppvarming frå eit varmluftsaggregat og blir brukte til produksjon i vår- og sommarsesongen.

Veksthus med heilårsproduksjon har ikkje-bøyelege plater som tekkemateriale, og bogehus eignar seg dårleg. Slike hus har spisse tak med møne.

Mange rekker med planter i veksthus. Foto.

Kjelde

Norsk Gartnerforbund. (u.å.). Veksthuset. Henta 7. mars 2024 frå https://ngfenergi.no/veksthuset/

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2024

Læringsressursar

Veksthus