Fôring og stell av sau
Sauar er drøvtyggarar, og vi må passe på at mikroorganismane i vomma får det dei treng for å kunne fungere som dei skal. Surfôr og høy er det viktigaste fôret gjennom vinteren, og om sommaren hentar dei fleste sauane fôret sitt på beite i utmarka. I periodar treng dei òg kraftfôr og mineraltilskot.