Hopp til innhald

Fagstoff

Potetplanta

Potet er ein fleirårig vekst som vi dyrkar som eittårig. Potetknollane vi haustar, er vinterlageret til planta med næring som gjer at ho kan overleve i jorda til neste vår. Knollane er i tillegg ein måte å formeire seg på. Visste du at fargen på blomsteren seier noko om korleis potetknollane ser ut?

To bilete av blomstrande potetplanter, nokre blomstrar er lys lilla og andre er kvite. Foto.

Potetknollen er lagringsorganet til potetplanta

Potet er ein fleirårig vekst, men i landbruket dyrkar vi han som eittårig. Potetknollane vi tek opp kvar haust, er eigentleg eit lagringsorgan for planta. Næring og energi som blir lagra i knollen nede i jorda, bruker planta for å komme seg gjennom vinter og tidleg vår. Når temperaturen i jorda stig utpå våren, vaknar potetknollen til liv og startar veksten der målet er å komme seg opp i lyset og få i gang fotosynteseapparatet. Gjennom sommaren produserer planta nye poteter som igjen blir nye planter neste år.

Samtidig er potetknollane den måten potetplantene formeirar seg på. Ei setjepotet gir fleire potetknollar som kvar kan bli ei ny plante neste sommar. Desse knollane er genetisk like morplanta.

Potetknollane toler ikkje frost, så her i landet vil normalt ikkje potetknollane overleve vinteren i jorda. Vi handterer uansett potetplantane som ein eittårig vekst. Vi haustar og et knollane som planta naturleg bruker for å overleve vinteren og for å formeire seg.

Potetplante med lilla blomstrar, grøne toppeple, stoloner som leiar ut til potetknollar, og røter. Illustrasjon.

Blomster

Fargen på potetblomstrane kan vere frå kvite eller gulkvite til rosa, fiolette eller nærast blå. Blomsterfargen heng ofte saman med fargen på skalet på potetknollen. Knollane med lyst skal har kvite eller lysegule blomstrar. Det varierer mellom sortar kor sterk blomstringa er, men ein potetåker i full blomster er eit fint syn.

Frukt

Frukta som utviklar seg frå blomsteren, blir kalla toppeple. Det er her vi finn frøa frå ei kjønna formeiring. Toppeplet er giftig og bør ikkje etast.

Stenglar både over og under bakken

Potetknollen er ein oppsvulma del av underjordiske stenglar, potetene veks altså ikkje på røtene til potetplanta. Dei underjordiske stenglane fungerer nærast som ein navlestreng, og når potetene er modne, blir sambandet kutta. Desse underjordiske stenglane kallar vi stolonar. Potetplanta har altså stenglar både over og under bakken.

Potetris/potetgras

Den overjordiske delen av potetplanta kallar vi potetris eller potetgras.

Viktige omgrep

Potetknollen
er det vi til dagleg kallar "poteta". Han er lageret til planta av stivelse.
Toppeplet
er frukta som utviklar seg frå blomsteren til potetplanta. Frukta er giftig.
Stolonar
er underjordiske stenglar som fraktar vatn og næringsstoff til potetknollane.

Oppgåve. Oppbygginga til potetplanta

Hugsar du namna på dei ulike delane av potetplanta? Dra namna til rett del på planta.

Kjelder

Norsk landbruksrådgiving, Fagforum potet. (u.å.). Verdens fjerde viktigste matplante (etter mais, hvete og ris). Henta 30. januar 2024 frå https://potet.no/fakta-om-potet/verdt-a-vite-om-potet

Berg, M. (2021). Den fantastiske poteten – en kulturhistorie. Orkana Forlag.

CC BY-SASkrive av Anne Langerud.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Potetdyrking